– Det får gutar til å grina og jenter til å hytta med nevane, kyla nedpå champagne og snakka om at det er ei verd utanfor kvardagen. Og det handlar om at vi må over skyene til det landet som vi saman kan skapa, seier rollespelinstruktør Erlend Eidsem Hansen om diktet til Edith Södergran, Landet som icke är.
Journalist Mona Vetrhus har digga det svenske diktet sidan ho var lita. Ho las det for første gong då ho var tretten år gammal, og syntest det var rart og gåtefullt.
Men kvifor blei dette diktet, som ho ikkje heilt forstod, så viktig? Var det berre eit sånt søtsuppedikt som ein likar når ein er tenåring?
I denne vekas Bok i P2-klassiker om Södergrans Landet som icke är, prøvar Vetrhus å finna ut kvifor denne mystiske teksten har gjort så sterkt inntrykk.