Forfattaren Michel Houllebecq er fransk litteraturs ”bad guy”. Ikkje berre på grunn av dei krasse utfalla mot grupper som 68-arar, muslimar, feministar og homsar, sjølv om dette er kontroversielt.
Nei, verkeleg ”bad” blir det fordi han skildrar livet så grunnleggande meiningslaust. Han flerrar cellofanen av kjærleiken og finn eit forkvakla driftsliv. Han skreller bort snakket om humanitet og menneskeverd, og finn nokon ynkelege kryp som berre er ute etter å halde seg sjølve flytande. Kort sagt: Bøkene til Houllebecq er illusjonslause forbi det kyniske og inn mot det nihilistiske.
Skjer gjennom dvask svada
Kva kjem det så av at han har blitt æra med litterære prisar frå debuten av, at han er omsett til 25 språk og at mange lesarar held han for å vere ein av dei viktigaste nolevande europeiske forfattarane?
Det kan vere så enkelt som at han skriv godt. Han har stor presisjon og ein slåande, svart humor. Men skildringane i bøkene krev meir enn reint estetiske dommar. For eigen del vil eg seie at han provoserer meg til å tenke sjølv, og ikkje minst til å bli var på all dvask svada som blir produsert for å pynte på egoistiske motiv. Trass i tittelen ”Lanzarote” er det altså ingen grunn til å vente seg skildring av ein herleg ferie når forfattarsignaturen er Houllebecq.
Kjenneteikn ved norske turistar
Den venelause hovudpersonen dreg til Lanzarote tidleg i januar. På hotellet møter han ein endå meir fortapt eksistens enn seg sjølv, og rørande nok tek han seg av den deprimerte belgiske politimannen Rudy så godt han kan, mens han bokstavleg talt samstundes inngår i ein heftig trekant med eit lesbisk par. Men ingen mellommenneskeleg kontakt overlever stunda, og det golde, vulkanske landskapet på Lanzarote blir eit tydeleg bilde på korleis det står til.
Boka er illustrert med fotografi frå denne øya og det einaste teiknet til menneskeleg eksistens er skuggen av ein einsleg mann. Den einaste vegetasjonen er ein kaktus. Elles er det stein, sjø, skyer. Av kuriosa kan ein nemne at i skildringane av ulike typar folk ein kan møte på slike stader, har den norske turisten ei sentral -om enn ikkje ærerik- rolle.
Finst det eit liv etter sexlivet?
Houllebecq spelar ut heile registeret sitt i miniformat i denne 70 sider lange romanen. Og Rudy? Dagen etter han har fortalt at sex er det einaste som kan binde folk saman men at han er ferdig med slikt for godt, er han borte og berre eit brev ligg att. Kva har skjedd med Rudy? Du gjettar det aldri, garantert.