Hopp til innhold

Sør-Afrika sett nedanfrå

K. Sello Duiker skildrar livet til ein barneprostituert gut i Cape Town utan å pynte på noko, utan kanskje på sjølve hovudpersonen.

K. Sello Duiker

K. Sello Duikers debutroman, 'Jeg har sett mørkets indre', er aktuell i Norge.

Foto: Solum forlag

"Jeg har sett mørkets indre"

Forfattaren K. Sello Duiker er svart sør-arfrikanar. Han debuterte med ”Jeg har sett mørkets indre” i 2000. Fem år og to romanar seinare tok han livet av seg. Men i romanen handlar det om det motsette, nemleg å overleve, og det er ein vanskeleg kunst.

Historia er lagt i munnen på Azure. Foreldra hans blei drepne då han var ni. No lever han på gata der han må manøvrere mellom ulike temmeleg utagerande og kontrollorienterte yngre menn, som har kvar sine revir og som på fascinerande vis greier å halde ungar som Azure som undersåttar. Vald og truslar er effektive maktmiddel når ein ikkje har nokon plass å gøyme seg og ingen vaksne som passar på.

Det naturlegaste i verda

Ingen barn i verda skal ha ein slik barndom som Azure har. Han prostituerer seg, snille vaksne lurer pengane frå han, slemme vaksne skamslår han, han bruker dop, vaskar kleda sine på offentlege toalett og søv under open himmel. Likevel veit vi alle at mange har det slik. Det er historier som dette hjelpeorganisasjonar gjerne fortel når dei vil ha økonomisk støtte, det er slike historier media fortel. Kva er det då som gjer det meiningsfylt å lese Duikers versjon?

Det finst fleire gode grunnar, viser det seg. Til dømes dette at Azure sjølv fortel historia, og han har fått ei stemme som insisterer på å bli lytta til. Og ikkje berre ei stemme, kampen for tilveret i stort og særleg i smått er skildra som det naturlegaste i verda, mens eg som lesar finn det absurd og opprørande.

Dramatiske vendingar

Denne spenninga mellom ulike livsverder tvingar fram refleksjonar og hindrar meg i å drukne både meg sjølv og alle verdas Azurer i sentimentalitet. Spørsmålet som dukkar opp i møte med denne guten, er om det verkeleg finst så unge personar som i tillegg til å vere gatesmarte også er reflekterte og kloke og i stand til å analysere dei litt større samanhengane sli Azure er det. Valet av ein 12-åring som forteljarstemme har truleg frista forfattaren til å leggje større innsikter inn i forteljaren enn det er grunnlag om ein skal sjå strengt realistisk på saka.

Viktigast i denne samanhengen er likevel at det fungerer innanfor rammene til romanen. Til slutt: Historia er skriven med episk driv og dramatiske vendingar. Duiker er død, men boka hans fortener eit langt og internasjonalt liv.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober