Hopp til innhold

Gaahl til musikal

Kyrkjebranntilhengaren går til Den Nationale Scene i Bergen.

Vokalisten Gaahl i blackmetal-bandet Gorgoroth

Gaahl har skifta beite frå black-metal til musikalrolle.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / Scanpix

- Dette er ei viktig rolle og som Gaahl verkeleg eignar seg til, seier teatersjef Bjarte Hjelmeland på Den Nationale scene i Bergen.

Valdeleg forhistorie

Gaahl skal saman med skodespelarane på DNS vere med i historia om "Svartediket" i Bergen, skriv bt.no .

Gaahl, eller Kristian Espedal som han eigentleg heiter, har ei forhistorie som har fått mange til å reagere.

I 2007 deltok han i ein canadisk-dokumentarfilm og uttalte at det burde vore fleire kyrkjebrannar. Og han sa også at det ville det bli i framtida.

14 månader i fengsel

Han var lenge frontfigur i black-metal bandet Gorgoroth. Men etter konflikt i gruppa valde Espedal å trekkje seg ut av bandet og starte sitt eige band kalla " God Seed." saman med eit medlem frå gamlebandet.

Espedal vart også dømt i retten for å ha mishandla ein 41-år gamal mann i sin eigen heim på ein fest han arrangerte.

I dommen vart det skrive; rå massiv vald mot fornærma.

For valdshandlinga fekk han 14 månader i fengsel.

Homofil og forelska

Men Espedal meiner dette er forhistorie, og at han no har lagt det ville livet bak seg. Det skal han ha uttalt til eit tysk rocke-blad i fjor.

Der sa han også at han er homofil, og at han hadde funne kjærleiken og var svært lukkeleg.

Han fortalde til det tyske bladet at det han vanka med det han kalla "falske vener", hang med høgreradikale folk og at han deltok i gjengoppgjer. Men i intervjuet kom det fram han tok avstand frå dette.

Vurderer ikkje fortida

Teatersjef Hjelmeland vil ikkje ta stilling til Espedal si forhistorie, men meiner han passar bra til rolla han er tildelt.

- Som teatersjef er det ikkje mi rolle å dømme folk som har gjort opp for seg. Difor tenkte eg utelukkande på Kristians kunstneriske talent då eg gjorde avtale med han. Fortida hans er ikkje mi sak, seier Hjelmeland til avisa.

Grusom historie

Musikalen han no skal delta i 26.mai handlar om grusame handlingar ved og i bergenserane sitt mest kjendte drikkevatn. Her skal fleire tusen uønska born blitt drukna i Svartediket.

Dei andre skodespelarane på scena saman med Espedal er Gerald Pettersen, Karin Stautland, Pål Rønning, Siren Jørgensen og frilansaren Sigurd Sele.