Hopp til innhold

Kulørt versjon av norsk politikk

Åslaug Hagas roman "I de innerste sirkler" inviterer til debatt på eit anna nivå enn "kven er kven".

Åslaug Haga
Foto: Heiko Junge / Scanpix

I de innerste sirkler

Omslag: 'I de innerste sirkler' Roman. Åslaug Haga. Schibsted Forlag, 2009

Foto: Schibsted Forlag

”Ein treng ikkje mykje fantasi for å finne ut kven som er kven.” Dette har vore eit gjennomgåande poeng i kommentariatets mottaking av Åslaug Hagas roman "I de innerste sirkler". Det vil i klartekst seie: Åslaug Haga er energiminister Ane Smedby frå Senterpartiet, og Jens Stoltenberg er AP-statsminister Carl Otto Hedenstad. Åslaug Haga er ein feig ekspolitikar som æreskjeller statsministeren utan at han kan ta igjen.

Kva om det ikkje er sant?

Går det an å sjå dette på ein annan måte? Heilt klart. La oss ta debutanten på ordet og tenkje oss at dette er ein roman. Det er trass alt ikkje så utruleg spennande å tenkje på kva Haga synst om Stoltenberg. Det er berre trist å tenkje at Haga ser på seg sjølv som ein helt og Stoltenberg som ein skurk - og langs faktasporet kjem vi ikkje stort lenger enn dét.

Altså: Romanen "I de innerste sirkler" tematiserer nokon av dei store spørsmål i tida, både når det gjeld vårt politiske system og når det gjeld aktuelle saker. Begge deler er bygd inn i ein satire med innslag av thriller (litt for lite thriller, når sant skal seiast). Det satiriske kjem fram gjennom den kjente forstørringseffekten, dårlege og gode eigenskapar, konfliktar og skitne triks, alt blir blåst opp for å tydeleggjere konfliktane og truleg også for underhaldningsverdien. Norsk politikk er ein traust affære det meste av tida, og den som vil ha lesarane med seg på ein roman om det norske politiske livet, må ta i litt. Heilt greitt det, sidan ein roman aldri er løgn, den er fiksjon. Men det finst ei setning i denne romanen som skal vere sann, og der trur eg det må ha snike seg inn ei lita løgn: På første side står det nemleg at ”…Selv om noen av hendelsene er inspirert av virkeligheten, vil virkeligheten alltid overgå fantasien.” Sorry Haga, den trur eg ikkje på. Den ser tøff ut på papiret, men stemmer ikkje med romanen som følgjer etter.

Debutant i thrillerfella

Tilbake til fiksjonen: thrilleren i romanen er knytt til eit oljeutslepp i Barentshavet, som både Noroilsjefen og statsministeren finn det best å skjule både for regjeringa og media. Spenninga blir knytta til utviklinga i denne historia: Vil suppegjøkgjengen i media greie å forstå kva som skjer i Barentshavet, greier dei å lausrive seg frå den kollektive heksejakta på den stakkars Krf-politikaren som kanskje har leigd ut sokkeletasjen i eit hus ho eig, greier dei å lausrive seg akkurat så lang tid som det tek å sjekke det tipset om oljesøl? Svaret er slett ikkje opplagt, for media er heilt klart del av skurkeklubben i denne romanen.

Eller vil heltane med Ane "Nancy Drew" Smedby greie å finne ut av det? Vil skurkane og Nancy Drew i så fall danne allianse mot den mafiose statsministeren? Thillertråden er ei sterk og etterkvart heilt nødvendig drivkraft i historia. På typisk debutromanmanér saggar nemleg den dramatiske kurven før vi er halvvegs, det vert rett og slett for mange repetisjonar. Dessverre er den sterke thrillertråden litt for tynn. Det svekkjer historia noko, men det romanen misser på manglande driv, tek den att på relevans: Her er det fullt opp av spørsmål å diskutere, og det heilt uavhengig av kor ”sann” historia er i dokumentarisk forstand.

Ta til dømes haldninga til den populære statsminister Hedenstad om at det er betre å forvalte enn å styre, det gjeld å halde seg inne med embestverket og sitje roleg midt i båten, så får ein leve lenge i regjering. Eller ta dei indre dynamikkane mellom storting og regjering, departement og statsråd, partileiarar og regjering, statsminister og alle dei andre. Det går fint an for pressa å diskutere sin praksis i lys av denne romanen, sjølv om dei vil ha rett i at ”så gale står det ikkje til”. Dessutan har du saker som fossil versus fornybar energi, for ikkje å snakke om overvakingssamfunnet. Sidan fiksjonen gjev høve til å teikne med tjukke strekar utan at ein må stå til rette for at alt er sant, kan nettopp ei slik oppdikta historie danne grunnlag for debattar, ikkje av typen: "Kva skjedde eigentleg bak stengde dører i regjeringa?" Men av typen: "Kan slikt skje og er det slik vi vil det skal vere?"

Verdt å debattere

Dette er kort sagt ein roman som er fylt til randa av det mange romanlesarar og kritikarar ropar etter for tida: Samfunnsengasjement, politiske problemstillingar, livet utanfor navlens lune varme.

Men er det blitt ein vellykka roman? Både ja og nei. Som før nemnt: etter ei tid får historia eit lett repeterande preg. Personane har inga utvikling. Det skal ein heller ikkje kreve verken av satiren eller av thrilleren, men denne mangelen på utvikling på personnivå må kompenserast med utvikling på handlingsnivå, og her har romanen si svakaste side. Språket varierer heilt relevant mellom ulike miljø og situasjonar, sjølv om nokon situasjonar blir for omstendelege og overtydelege. Det som likevel gjer det verdt å bruke tid på "I de innerste sirkler", er at den er dikta opp av ein forfattar som kjenner desse sirklane betre enn dei fleste.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.