Hopp til innhold

- "Feelbad"-litteratur på sitt beste

"Toget fra Ajaccio" er ein "feelbad"-roman prega av stor humor.

Anne Oterholm
Foto: Geir Vestad

Toget fra Ajaccio

Anne Oterholms roman 'Toget fra Ajaccio' er utgitt på Gyldendal forlag.

Foto: Gyldendal Norsk Forlag

Dette er ein svært ubehageleg roman. Ikkje dårleg, slett ikkje, men ubehageleg å lese. Det har den felles med opptil fleire av Oterholms tidlegare romanar. Spørsmålet mitt blir derfor: Korfor kjenner eg meg ille til mote under lesinga av Toget til Ajaccio?

Men lat oss ta handlinga først: Sindre, ein mann på nokonogtretti år, har teke med seg dei to sønene sine på ferie i Frankrike i seks veker, for å få vere i lag med dei over lengre tid, noko det har blitt lite av etter at han og mor til gutane skilte lag.

Mot katastrofe

Fint. Gutta på tur. Men så kjem det gradvis fram at dette har skjedd utan at verken mora eller skulen har vore med på råd, og opplegget endrar karakter. Dette kan gå mot ei katastrofe. Er han tilrekneleg, denne Sindre? Kan det skje noko gale med gutane? Eller vil han bli henta heim av politiet? Her skal ikkje utgangen på turen røpast, men Oterholm har tidlegare dokumentert at ho er ein meister til å skrive seg opp mot katastrofar som uteblir, utan at ein dermed kan snakke om at det går bra.

Dobbeltportrett

Denne romanen er eit dobbeltportrett. Sindre skriv nemleg dagbok under turen og sender jamnt og trutt dagboksnotatane til tremenningen Nora som sit heime i Norge og skal skrive roman. Vi får aldri lese dagboka til Sindre, men vi får historia om turen gjennom ei skildring i tredje person, og så kjem Nora inn med ujamne mellomrom og kommenterer det som skjer, og ikkje minst fortolkar ho Sindre og alle han møter. Det gjer Sindre også. Han tolkar og tolkar. Sønene, eks-kona, Nora, seg sjølv, og ikkje minst far sin.

Det er ingen grunn til å tru at Sindre er ein menneskekjennar. Og det er slett ingen grunn til å tru at han kjenner seg sjølv. I alle fall utleverer han seg som ein eg-svak egoist, ein mann som let seg drive av garde utan å la seg stoppe av andre impulsar enn privat ubehag, og humoren i boka er knytta til nettopp Sindres ufrivillige sjølvutlevering.

Ubehagelig for lesaren

Har han andre sider også? Ja, ifølgje Nora, men ho har sine prosjekt som fargar hennar tolkingar. Dette set lesarane i ein situasjon der dei også må til å tolke, anten dei vil eller ei. Der historia glir ganske så greitt framover, må vi heile tida vere kritiske til dei ulike versjonane av hendingar og karakterar. Som er mangetydige og ikkje heilt lett å bli klok på. Ikkje heilt lett å like, heller, når sant skal seiast.

Kva så med ubehaget til lesarane? Truleg handlar det om at ein blir ført inn i eit univers som er kvardagsleg og skrudd på same tid. Det er gjenkjenneleg og fråstøytande. Og som aktive tolkarar blir vi ein del av det anten vi vil eller ei. Dette er "feelbad"-litteratur på sitt beste.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober