Hopp til innhold

"Adjutanten" i Verdt å lese

Frå 21. august kan du høyre opplesingar frå Jørgen Norheims roman "Adjutanten".

Jørgen Norheim

Forfattar Jørgen Norheim.

Foto: Samlaget/Sjøwall/Elin fløter

"Adjutanten", som kom ut på Samlaget i 2008, handlar om ein tysk olding som bur på ein fjellgard ved Sognefjorden. Han var offiser for Keiser Vilhelm II under 1. verdenskrig. 50 år etter er han framleis prega av det som skjedde.

"Adjutanten" av Jørgen Norheim

'Adjutanten' av Jørgen Norheim. Samlaget.

- Eg hadde lenge hatt lyst til å skape ein romanfigur som spente over eit breitt tidsspenn, seier Jørgen Norheim til nrk.no/litteratur.

- Romanhelten min er fødd i 1871 og seier takk for seg i 1968. Han er fødd i året for Tysklands samling, og opplever såleis keisarriket, Weimar-republikken, Hitlers nasjonalsosialistiske valdsregime, og dei to tyske statane etter krigen.

Ville skape kontrastar

Hovudpersonen i "Adjutanten" opplever det blodige 20. hundreåret i Europa, både som deltakar og tilskodar.

- Utfordringa mi var å la det europeiske samanbrotet og den famlande gjenoppbygginga bli sett og opplevd gjennom auga til éin person. Eg har plassert han i eit norsk lokalsamfunn, med det ville eg skape kontrastar. Eg ville sjå dei tyske avvegane i lys av det rotfesta norske demokratiet og den norske uskulda i lys av den kompliserte tyske historia.

Las hemmelege dagbøker

Jørgen Norheim er sjølv utdanna historikar. Var yrkesbakgrunnen viktig under arbeidet med "Adjutanten", eller måtte han også gjere mykje research?

- Ja, det vart mykje research, det er begrensa kva eg sjølv har i hovudet. Eg har ein del knaggar der oppe, og mange lause trådar. Kvart romanarbeid er fleire års vidareutdanning. Med grunnutdanninga eg har som historikar har eg lært å stille spørsmål og kvar eg finn informasjon. Det viktigaste er at ein veit opp ned på eit bibliotek, seier Norheim.

- Eg sat eit par månader saman med Wittgenstein på Universitetsbiblioteket i Münster. Eg kunne også delt bord med han på Universitetsbiblioteket i Oslo, men eg hadde eit stipend i ein landsby utanfor Münster, så då vart det der eg søkte informasjon.

Jørgen Norheim og Lasse Lindtner

Forfattar Jørgen Norheim og skodespelar Lasse Lindtner, som les frå 'Adjutanten'.

Foto: Grethe Berge / NRK

Skjulte spor i tekstane

Norheim las dagbøkene, offisielle og hemmelege, eit utval av skriftene hans og biografisk stoff.

- Som forfattar morar eg meg stundom med å legge att skjulte spor i tekstane, somme vil nikke gjenkjennande, andre les vidare utan å ha oppdaga sporet. I sekvensen med Wittgenstein fletta eg tekstane hans inn i dialogar, i så opphaveleg uttrykksmåte som mogeleg. Wittgenstein var ein mann som ikkje tok livet lett, så tekstane hans er prega av alvor, og dialogen mellom adjutanten og Wittgenstein er ingen kjapp, ledig samtale. Særleg fann eg ytringane hans om religion interessante, om grenselandet mellom det vi veit og ikkje veit og der trua tek over.

Krigen som motor

Ein del av vidareutdanninga til Norheim denne gongen var å lese seg inn i fagfeltet militærhistorie.

- Som eit politisk menneske, og dertil gammal militærnektar, er eg fascinert av kva krigen gjer med samfunn og enkeltindivid: Krigen som motor i utvikling av ny teknologi, i utbygging av infrastruktur, forvalting og administrasjon. Men ei like viktig side ligg på det mentale plan, korleis krigen flyttar moralske grenser.

Fleire nominasjonar

"Adjutanten" blei nominert til både Brageprisen og til P2-lyttaranes romanpris . Romanen fekk strålande kritikk av NRKs bokmeldar. "(...) en roman som knytter verdenspolitikken i første halvdel av forrige århundre sammen med norsk hverdagsliv. Det er imponerende gjort", meinte Anne Cathrine Straume.

Jørgen Norheim debuterte i 1994 med romanen "Liten svein i bærskog ut" (Samlaget). Gjennombrotet fekk han med "Ingen er så trygg i fare" (Samlaget, 2002), som blei nominert til Nordisk Råds litteraturpris i 2003.

Fredagar frå og med 21. august kan du altså høyre skodespelar Lasse Lindtner lese frå "Adjutanten" på NRK P2 kl. 17.03.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)