Hopp til innhold

Oppmuntrar til vidare tenking

Brit Bildøen har fylt opp ei essaysamling med kvinnelege forfattarar, for å vise at slike finst, og at dei skriv bøker av høg litterær kvalitet. Kan det vere nødvendig i våre dagar?

Brit Bildøen

Brit Bildøen er aktuell med essaysamlinga 'Litterær salong' på Samlaget.

Foto: Samlaget/Tove K. Breistein

Det kan nok det. Bildøen fekk truleg meir drahjelp til lanseringa av denne boka enn ho strengt tatt sette pris på, når alle kritikerprisane, fire i talet, viste seg å gå til menn sist veke. Tidlegare i vinter gjekk alle Brageprisane, fem i talet, til menn, og jammen santen er ikkje dei to norske bøkene som er nominert til Nordisk Råds litteraturpris også skrivne av menn.

Frekt og godt grep

Forfattaren har eit enkelt og innlysande poeng når ein gjer slike oppteljingar. Om svaret på korfor det er slik er like enkelt og innlysande som ho vil ha det til er ein lang og innvikla debatt som slett ikkje skal takast her, for Bildøen har jo teke saka i eigne hender på konstruktivt vis: Ho gjev 10 kvinnelege forfattarar plass i sin litterære salong, kvar av dei får eit essay for seg sjølv, der dei blir kategorisert etter sine dyder, som er av eit litt anna slag enn dei ein kjenner til frå før. For Elfriede Jelinek er dyda skamløyse, for Halldis Moren Vesaas er det distraksjon, medan Gertrude Stein si dyd er stormannsgalskap. Eit ord som det talande nok ikkje finst eit kvinneleg motstykke til.

"Litterær salong"

'Litterær salong' av Brit Bildøen.

Foto: Samlaget

Dette med dei nye dydene er eit frekt og godt grep. Utvalet av forfattarar er det heller ingenting å seie på, det er subjektivt, og både lesar og forfattar vil vere einige om at ei slik bok kunne ha vore skrive om 10 andre kvinnelege forfattarar også.

Ikkje særleg nullstilt

Sjølv festa eg meg i første rekkje ved innleiingskapitlet, som ber det ambisiøse namnet ”Nullstilling”. Her stablar forfattaren opp ei dryg mengd med formål som denne boka har: Ho skal synleggjere forfattarar som fortener det, gje eit signal til skrivande og lesande kvinner og menn, og i tillegg oppmuntre dei same gruppene, ho vil ta eit oppgjer med den dominerande litterære smaken som er maskulin, og ho vil introdusere ein meir intuitiv og lydhøyr måte å nærme seg tekster på. Eg må vedgå at eg ikkje kjende meg særleg nullstilt etter denne innleiinga, tvert i mot, eigentleg, men i tillegg svært interessert i å finne ut av kva Bildøen kjem til å gjere med dei 10 forfattarane. Vil ho greie å oppnå alt det ho hadde som mål?

Ute i vanskeleg farvatn

Svaret er det kjedelegaste av alle svar, nemleg: delvis. Den stormannsgalskapen som ligg som eit løfte i innleiinga, blir i liten grad følgt opp i essaya, som er velskrivne, interessante og interessevekkjande, men utan å framstå som særleg nyskapande i tilnærminga. Litterære svingslag og intuitive lesemåtar fann eg ikkje så mykje av, men Bildøen har stor kunnskap og ser skarpt korleis forfattarlivet plasserer seg i si tid. Av og til også korleis verket plasserer seg i livet og omvendt, og der er vi ute i vanskeleg farvatn. Dette gjeld først og fremst dei to norske, nemleg Amalie Skram og Halldis Moren Vesaas. Med sistnemnte prøver Bildøen også å balansere mellom å oppvurdere verket og på same tid etterlyse det vi kunne ha fått dersom livet hennar hadde vore mindre styrt av distraksjonar og meir avskjerma slik livet til forfattarmannen var. Dette er altså essays som oppmuntrar til vidare tenking i tillegg til det uttalte føremålet som er vidare lesing. Eg synst dette skal bli første bok i ein serie. Så kan den intuitive lesemåten kome etterkvart.

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP