Hopp til innhold

Inn i tunnelen

Markus Midré skriv medrivande om ein mann som er temmeleg avkobla. Det er roman denne gongen, og ”Tunnel” er den velvalte tittelen.

Markus Midré
Foto: Forlaget

Tunnel
Foto: Forlaget

Markus Midrè har allereie nådd å bli ein etablert forfattar, sjølv om han berre er i starten av 30-åra. Etter debuten som 20-åring har det kome både dikt, romanar og barnebøker frå hans hand. Marta Norheim har lest den nye romanen til Midré.

Lik unge menn gjennom 100 år av europeisk litteraturhistorie


Ein ung mann vaknar på ein benk i parken og gjev seg til å vandre rundt i nattstille Oslo-gater. Han ser på dei høge husa, og dei svarte vindaugene, han stikk bankkortet han finn i lomma inn i ein automat, som straks sluker det. Frå ein serie TV-skjermar i eit butikkvindauge lyser identiske bilde: ei folkemengd på ein open plass i eit asiatisk land.

Den unge mannen har ikkje noko namn, han hugsar ikkje korfor han er der han er og han veit ikkje kvar han skal. Han virrar rundt og følgjer etter tilfeldige folk han ser på gata.


Vi har her å gjere med det moderne urbane massemennesket i ganske karakteristisk stil. Han er ein fjern fetter av det anonyme ”jeg” i Obstfelderdiktet, han som ser på dei høge husa og dei tusen vindaugene og trur han er komen på feil klode. Han er også i familie med den namnlause i Hamsuns Sult, han som vandrar rundt i Christiania etter innfallsmetoden og følgjer etter tilfeldige framande på gata. Han er ein åndsfrende av Frans Kafkas Josef K og ei heil rekkje med plaga unge menn gjennom dei siste 100 åra av europeisk litteraturhistorie.


Moderne framandgjering

Det er altså ei god, gammal historie Midré dreg i romanen Tunnel. Spørsmålet blir då om han greier å gjere den til si eiga og gje den eit særpreg som får lesaren til å forstå poenget med nok ein versjon av framandgjort, avkopla ung mann. Svaret er ja. Ikkje fordi dette er ei moderne historie der bankkort og personnummer er med på å illustrere framandgjeringa. Det gjer ingen stor forskjell.

Nei, forfattaren greier å gjere historia ny først og fremst gjennom språket, som nesten klistrar seg rundt historia. Det er sansenært og svært visuelt på same tid. Han ser, han høyrer, han går, han føler varme, han blør. Parallelt med sansingane får lesaren ta del i det han sansar: gatebildet, hunden, skiftande lysforhold, flydur, korleis det kjennest i nasen etter at han har blødd naseblod. Forfattaren greier å suge oss inn i ein atmosfære som er denne tilstanden. Vi er stengt inne i denne unge mannen i desse mørke gatene.


Sansenært perspektiv

Stengt inne, fordi perspektivet er så gjennomført sansenært. Han har knapt ei fortid og det vesle som finst sluttar for minst tre år sidan, utan at det fører til refleksjonar av noko slag. Han vil gjerne ta oppatt forholdet til eks-kjærasten og til universitetet der han tydelegvis har studert, ettersom han finn studiekortet sitt hjå eksen. Men det går ikkje i orden verken med dama eller med studiane, utan at det ser ut til å plage han noko særleg. Han lever vidare i eit evig presens, utan fortid og framtid.


Så går det an å innvende at han svingar innom temaet blod/død/oppløysing i overkant mange gonger og at slutten er meir klisjeaktig enn godt er. For slik er det, romanen har sine svake sider, men dei er lette å bere over med. Midrè har ein litterær sjølvtillit og eit språk som viser at han lever opp til denne tilliten. Og det veg tyngre enn eitpar klisjear for mykje.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)