Hopp til innhold

Grensesprengande roman

Sigmund Jensen er ein av dei mange Stavangerforfattarane som gjer seg gjeldande for tida. No er han her med romanen Tiberiusklippen, som er oppkalt etter den klippa den romerske keisaren Tiberius fekk dytta fiendar og andre brysomme personar utfor.

Sigmund Jensen

Tiberiusklippen

Historia startar i Stavanger der Jan Johansen må ordne opp i onkel Reidars forretningar etter at den gamle er død. Onkel Reidar hadde ei pølsebu, men skinnet kan bedra, og denne pølsebua viser seg å vere innvevd i den globale kapitalismen på ein måte som kjem temmeleg overraskande både på nevøen og på oss lesarar. Dermed er vi i gang.

Frå første Mosebok til Johannes' openberring

Sigmund Jensen spenner opp eit enormt lerret. Han startar med the big bang og sluttar med noko nær undergangen. Han opnar med første Mosebok og let det tone ut med Johannes’ openberring. Han er innom astronomien og astrologien, økonomien og økologien, og bak det heile ligg den store konspirasjonen, den usynlege makta som trekkjer i alle trådar, slik den har gjort i mange hundre år. Denne makta, korporasjonen, har som mål å halde seg ved makta. Brysomme personar hamnar i klørne til renovasjonen, som ikkje berre eliminerer uønska individ, dei greier også å slette alle spor etter livet til den uheldige.

Tiberius sin metode var temmeleg primitiv til samanlikning. For å gjennomføre dei lumske planane sine, treng korporativet nyttige idiotar, små strebarar som held seg inne med sine overordna for å nå opp og fram i det vesle, vesle livet sitt. Slike som Jan Johansen, mannen frå Stavanger som har jobb, kone og to barn, og som ber norges mest vanlege namn i sin generasjon.

”Han var analytisk og rasjonell, men beregnende når det behøvdes. Han var en dypvannsmarulk som levde i den postmoderne epoken, også kalt den andre moderniteten, da den såkalte turbokapitalismen fikk utfolde seg fritt, noen hevdet tøylesløst, og det bare var den intelligente spilleren med godt utseende og ulastelige talegaver som lyktes. Jan Johansen var både intelligent og talefør, og hadde utseendet med seg. Så han lærte seg spillet.” Han lærte seg spelet og spelar frimodig med, inntil han gradvis og smertefullt oppdagar at han berre er ei bittelita brikke i det verkeleg store spelet. Ei brikke renovasjonen kan plukke opp viss han ikkje innfrir forventningane til korporativet.

Ramsalt samfunnskritikk

Tiberiusklippen er ein roman som sprenger alle grenser. Ein ting er dei reint fysiske dimensjonane,- vi snakkar om ei bok på over 800 sider. Ein annan er at Jensen sender Jan Johansen rundt kloden med skruppellause individ i hælane. Slik skaper han ei spenningskurve men den kollapsar stadig under vekta av store kvanta faktakunnskap, konspiranoia og ville spekulasjonar. Romanen motarbeider seg sjølv, det er akkurat som om den ikkje vil tilpasse seg dei forventningane ein lesar møter denne sjangeren med, og konklusjonen må bli at Tiberiusklippen mislukkast og det med bravur.

Men dermed er ikkje det vesentlegaste sagt. For summen av alt dette er ein ramsalt og insisterande samfunnskritikk: Gapet mellom rike og fattige aukar og vi er dei rike, forbruksspiralen skrur seg til og det er vi som skrur, økosystemet er i ferd med å kollapse av denne rovdrifta på ressursar og alle verdas Jan Johansenar spelar på lag med undergangskreftene for å tilfredsstille det personlege begjæret etter makt og rikdom. Med ein slik salve mellom permane blir Tiberiusklippen ein viktig roman, i all sin mastodontiske velde.