Hopp til innhold

Norsk elghund, grå

Underfundig tittel på ein like underfundig roman. Jørgen Krog har valt eit svært tradisjonelt opplegg for debutromanen, men eg stillar meg velvillig, fordi han greier å lage sin eigen vri.

Debutanten Jørgen Krog.

Jørgen Krog (f.1979) kommer fra Marker i Indre Østfold. 'Norsk elghund, grå' er hans første roman.

Foto: Finn Ståle Felberg/Oktober forlag

Det handlar om unge menn på bygda, igjen. Det handlar om to brør som har sitt å stri med, igjen. Og det handlar om det veldige strevet det er å etablere einslags kontakt med omverda. Igjen.

Jo, vi har vore der før: Levi Henriksen, Jonny Halberg, Vidar Kvalshaug, Kyrre Andreassen har ført oss dit, Ingvar Ambjørnsens Elling og Kjell-Bjarne er veldig nær, sjølv om dei bur i byen og strengt tatt ikkje er brør, men likevel ”Brødre i blodet”.

Jørgen Krog: Norsk elghund, grå. Oktober forlag

Jørgen Krog: Norsk elghund, grå. Oktober forlag

Foto: Oktober forlag

Sær og lett absurd

Når det er sagt - og det måtte seiast - så har Krogs roman nokon kvalitetar som gjer det forsvarleg å utvide denne lista med eitt namn til. Overflatisk sett er elghunden eit nytt element. Royne er namnet. Han er ein svært viktig figur i romanen, og eine spissen i opptil fleire trekantar som dannar seg i løpet av historia. Meir avgjerande er det likevel at han, altså forfattaren, greier å skape ein eigen tone eller stemning. Sjølv om vi er heimekjente i landskap, persongalleri og handling, er det ein sær, lett absurd skrivemåte som gjev lesaren eit anna blikk på det heile. Det blir liksom heilt tilforlateleg at veslebror Marvin kryp inn i hundehuset når storebror Joakim brått og brutalt reiser sin veg. Og vi blir lite belemra med alle dei openberre praktiske situasjonane som må oppstå når ein dreg frå alt slik Joakim og etterkvart Marvin gjer. Vi får meir del i den indre logikken, og den kan vere sær nok, sjølv om det er lett å forstå at Marvin blir ute av seg når Joakim berre stikk av.

”Marvin gikk inn på soverommet, gjennom gangen, kjøkkenet, stua, soverommet igjen og videre, faen at broren måtte være sånn, kunne ikke bare gi opp alt, sitte nedi Kiel eller Köln eller pokkerivold og late som om han ga faen. Åssen hadde de egentlig hatt det, hvorfor hadde han dratt og hvorfor hadde det hasta sånn, hvorfor hadde han ikke sagt noe, makan til reint ut sagt råtten måte han hadde reist på, kjøkkenet, stua, soverommet, raske runder, når hadde han bestemt seg, når hadde det skjært seg?” (s 42)

Godt grep om stemninga

Vi som les romanen veit nok svar på nokon av spørsmåla. For Marvin er ein av desse som har vanskeleg for å ha kontakt med andre menneske på ein naturleg og grei måte. Han forstiller seg, spelar dårleg teater og vaktar på folk, ja, nokon vil meine han spionerer. Det blir både trist og absurd, og Krog har godt grep om denne litt merkelege stemninga som oppstår når han på sitt sære vis prøver å skape eit nytt liv for seg og Royne etter at storebroren stakk av. Marvin er ein av desse som gjer så godt han kan, men det er ikkje bra nok. Dette underskotet - om ein kan kalle det det - gir ei spenning til historia om tre menn og ein elghund.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.