Historiene er fargerike på minst to måtar, for det første i konkret forstand. Forfattaren fargelegg landskap, bygningar, klesdrakter, bakverk og plantar i ein raus og nyansert fargeskala. Men ”Arvetanten”, for å halde oss til denne siste romanen, er også fargerik i overført tyding, for her finst alt ein herregardsroman skal ha av sterke og gjerne forbodne kjensler, og i tillegg kjem mafiaen inn og skaper ein heilt eigen kulør.
Politiske og sosiale omveltingar
Det er den heilt eigne kuløren som gjer susen i desse romanane. I tillegg til altså å by på herregardsliv i full breidde, er historia om den adelege Constanza Safamina eksakt plassert inn i den store historia. Vi er midt på 1800-talet. Garibaldi arbeider for å samle Italia, og sicilianarane har delte meiningar om kva som bør skje med øya deira. Klostera blir stengte, dei klare skiljelinene mellom ulike stender som føydalsamfunnet var bygd på, er i oppløysing. Adelen får identitetsproblem; nokon tek borgarlege jobbar eller gifter seg borgarleg, mens tradisjonalistane blir meir ærekjære og normfikserte enn nokon sinne og hjelper dermed effektivt tidsånda i arbeidet med å ta makta frå nettopp adelsstanden.
Denne turbulente situasjonen dannar ikkje ”bakteppet i romanen”, som det ofte heiter. Her er det dei politiske og sosiale omveltingane som skaper livsvilkåra for personane i romanen, og som kastar dei inn i flokete situasjonar som dei gode, gamle normene frå det tradisjonelle samfunnet ikkje er skapte for å løyse.
”Først og fremst må du huske at du nedstammer fra en eldgammal familie, og dernest at du er sicilianer. Vi er tro mot Kirken og mot vår monark. Vi er og blir sicilianere, og Kongeriket De To Sicilier skal bestå, hvilket det da også kommer til å gjøre.” Med et ironisk smil tilføyde Antonio Safamita til ære for tilhørerne: ”Jo visst, mine herrer, Kongeriket Sicilia vil bestå, uansett hva enkelte, som tydeligvis har glemt hva ordet lojalitet betyr, sier nå om dagen” (s. 47)
Slik blir det talt i Constanzas barnedåp, mens det enno gjekk an å late som om alt ville bli som før, berre ein tok seg saman. Constanza sjølv, som stikk seg ut med det raude håret sitt og som dessutan blir hata av mor si, forstår ganske raskt at verda ikkje er slik folk vil ha det til. I ein enklare roman enn denne ville desse erfaringane gjort henne sterk og handlekraftig.
Spenning og romantikk
Simonetta Agnello Hornby kan si historie, og ho greier å veve den inn i familien Safamitas liv utan å ta individualitet og livsval frå familiemedlemmene. Denne balansegangen er svært godt gjennomført. Mindre vellykka er det når forfattaren engasjerer seg slik i liv og lagnad at ho gjev seg til å fortolke sine eigne personar og forklare kven av dei vi skal heie på og kvifor: Litt bør trass alt overlatast til oss som skal lese! Men når vi får både spenning, romantikk og historiekunnskapar på kjøpet, får ein heller bere over med slike overtramp.