Dei siste åra har J.M. Coetzee slutta i jobben som litteraturprofessor i Cape Town, flytta til Australia og gått inn på eit nytt litterært spor: I dei nyaste bøkene er han meir essayistisk, og blandar realitet og fiksjon.
Eg har sett på denne litterære utviklinga med ein viss skepsis, men på tredje forsøk er han tilbake blant verdas beste, nolevande forfattarar.
I ”Et dårlig år” møter vi den aldrande forfattaren C, som nyleg har flytta frå Sør-Afrika til Australia. Men den som trur at det er forfattaren som her talar direkte og rett frå levra til oss lesarar, må berre kjøle seg ned. Denne romanen er litterær ned til minste komma, og det biografiske er eitt av dei litterære grepa. Det skal eg kome tilbake til.
Dynamiske trekantar
Denne C er, som ein av seks eminente forfattarar, invitert til å skrive essays om kva som er gale ved verda i dag. Klagemåla til dei seks forfattarane skal så samlast i ei tysk bok. Vår mann svara straks ja då han blei spurt; han får her sjansen til å hemne seg på verda, som har nekta å svare til fantasiane hans. Vi anar ein dikt-liv-konflikt, og den kjem til syne allereie på første side. Her startar vi kjekt i essayet ”Om statens opprinnelse”, før vi endar i vaskekjellaren:
”..Det står knapt i vår makt å forandre statens form, og å avskaffe den er umulig, nettopp fordi vi, overfor staten, er maktesløse. I myten om opprettelsen av staten slik den fremstilles av Thomas Hobbes, var vår nedstigning til maktesløshet frivillig: for å unnslippe volden i endeløse, gjensidig ødeleggende kriger (represalie etter represalie, hevn etter hevn, vendettaen), ga vi individuelt og hver for oss staten rett til å bruke fysisk makt (rett er makt, makt er rett), og kom derved under lovens (beskyttende) domene. De som valgte (og velger) å holde seg utenfor pakten, blir lovløse.
Mitt første glimt av henne var i vaskekjelleren. Det var om formiddagen en stille vårdag, og jeg satt og så på vasken gå rundt, da denne ganske oppsiktsvekkende, unge kvinnen kom inn. Oppsiktsvekkende fordi det siste jeg ventet, var en slik tilsynekomst, og dessuten fordi den tomatrøde kjolen var så oppsiktsvekkende kort...” (s 7)
Dette er Anya 29 år, arbeidslaus filippinar, som straks blir hyra til å skrive essaya på maskin, noko ho slett ikkje har talent for. Teksten om henne kjem under ein strek på sida, etterkvart kjem også hennar kommentarar som nedste del av kvar side. Vi får altså både essayet, glimt frå Cs syn på Anya, og glimt frå Anyas syn på han parallelt, og denne måten å skrive fleirstemmig på er rett og slett genial. Etterkvart som den nokså aggressive kjærasten til Anya også blandar seg i koret, får vi fleire dynamiske trekantar der essaya stadig dannar den eine spissen.
Det store ’om’
I essaya skriv C om staten, om anarkismen og om eit tjuetal andre fenomen. Interessant heile vegen, men her skal vi feste oss ved ordet ”om”. For kven er det som har skrive Om staten? Jo, det er Cicero. Kven skreiv Om diktekunsten? Det var Aristoteles. Og kven skreiv om kva det skal vere av private saker i essayistisk form? Jo det gjorde Montaigne. C skriv seg altså her inn i tradisjonen frå antikken og renessansen, men med eit meir pessimistisk syn på samfunnsordningar og ikkje minst på mennesket: ”Et intellektuelt apparat som er merket av bevisstheten om sin egen utilstrekkelighet, er et evolusjonært blindspor”, meiner han og snakkar om oss. Dermed nærmar han seg den norske filosofen Zapffes syn på det tragiske som ein kan lese om i boka ”Om det tragiske” og der har vi nok eit ”om” som Coetzee neppe kjente til.
Sagt på ein annan måte: ”Et dårlig år” er ei god historie og samstundes inspirasjon til vidare tenking etter endt lesing.