Hopp til innhold

Unfun

”Unfun” er tredje og truleg siste romanen frå Abo Rasul med undertittelen ”Skandinavisk misantropi”. Boka held det tittelen lovar, dette er ”unfun”, og dette er misantropisk. Spørsmålet er: Har verket andre kvalitetar?

Forfatteren og kunstneren Matias Faldbakken. Foto: Herskedal/Scanpix

Matias Faldbakken (f. 1974) er forfatteren bak psevdonymet Abo Rasul. Han har bakgrunn som billedkunstner og debuterte som forfatter i 2001 med 'The Cocka Hola Company', første del av Skandinavisk misantropi.

Foto: Herskedal, Kjell / SCANPIX

Svaret er ja, verket har andre kvalitetar, men eg må starte i ein annan ende for dette er jo siste bindet i ein trilogi og dermed trengst litt forhistorie.

I dei to første romanane, ”The Cocka Hola Company” og ”Macht und Rebel”, blei vi kjent med folk frå ein nokså rufsete ideologisk undergrunn. Her handla det om å røske seg laus frå det klamme grepet til omsorgsnaziar og andre filantropar som står for verdiar som tillit, demokrati, velferd og omtanke. Dessutan handla det om å finne opprørsformer som var så provoserande at dei ikkje let seg sluke av den kommersielle og estetiske mainstreamkulturen, men som kunne stå som eit ekte opprørande opprør.

Abo Rasul (psevd): Unfun. Cappelen Damm

Abo Rasul (psevd): Unfun. Cappelen Damm 2008

Foto: Cappelen Damm

Ei nokså ekkel blanding av porno, pedofili og nazisme, dop og vilkårleg vald blei reslutatet, men lausrivingsprosjektet kom vel ikkje heilt i mål trass iherdige og faktisk svært underhaldande forsøk, og våre tvilsame vener erfarte at det ikkje var så enkelt å få til grunnleggande endringar.

Dermed var eg ganske nysgjerrig på korleis Rasul skulle avslutte trilogien: Ville han la figurane forsone seg med verda som i den klassiske danningsromanen, eller ville han la det heile skru seg opp til endå meir desperate og valdelege eksessar?

Alt vrenger seg

Gløym det med danningsromanen. Møt familien til Slaktus, ein valdsintellektuell kroppsbyggar som skal lage slasherfilm. Mor har nettopp kome tilbake frå Paris - ”et pissoar fylt med gåselever” - der ho har kjøpt Tuck, ei steinsag som i filmen skal brukast på anna enn stein.

”Fy faen som det ser ut her. Dette er hjemlandet mitt. Jeg unner ikke min verste fiende å komme til et sted som dette. Det var unødvendig å si. Min verste fiende bor her allerede.

Enter Atal og Vataman.

”MAMMA!” Atal henger ut av vinduet på drittbilen til Slaktus med et stort smil og en enorm pris dekker de kritthvite tenna. Vataman har lagt seg over ham igjen og vinker vilt med armene, han også med snusnebb av de sjeldne. Jeg ber dem ta bagen med Tuck og legge den baki.

”Vet ikke om vi har plass, mamma, det er fullt baki, vi har handla litt” ” (s 21)

Mamma er halvt nigerianar. Tvillingane Atal og Vataman fekk ho som 15-åring etter å ha blitt valdteken av Slaktus som ho av uforståelege grunnar samarbeider med om slasherfilmen som etterkvart blir til eit slasherdataspel. Kva det er? I slasher er valden sentral og utbrodert. Ein seriemordar drep unge, vakre menneske. Til slutt står gjerne mordaren igjen med ein person, ”the final girl”, som utmanøvrerer mordaren fordi ho er smart og ikkje sjeldan kysk.

Planen er å lage eit dataspel med Paris som kulisse og svart mann med steinsag som hovudaktør. Men ting går ikkje etter planen i denne trilogien. Slashermotivet vrenger seg og invaderer sine skaparar, animasjonen vrenger seg på grunn av datavirus, magen til Atal vrenger seg, kjønnsrollene vrenger seg og til slutt er vi i ein vrang og vrengt versjon av Joseph Konrads roman ”Mørkets hjerte”. Dette hjartet ligg ikkje lenger i Kongo. Kven som får rolla som Kurtz og kven som til slutt blir ”the final girl” får lesaren finne ut.

Sterk avslutning

”Unfun” er mindre ellevill i intrigane og sprelsk i språkspelet enn dei to føregåande. Frigjeringsprosjektet har her ein annan og destruktiv karakter. Her er mindre ”fun”. Til gjengjeld er den enkle handlinga vevd inn i litterære og filmatiske historier. Slik blir teksten større enn seg sjølv og opnar seg for ulike tolkingar, og det vil eg påstå er ein kvalitet. ”Unfun” er ein sterk avslutning på ein trilogi som det vil ta lang tid å kome til botnar i.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.