Hopp til innhold

Suzannah - Fru Ibsen

Suzannah Ibsen har hatt rykte på seg for å vere triviell, usjarmerande og ein skikkeleg festbrems. No, 94 år etter Suzannahs død, har Astrid Sæther teke på seg å tilbakevise dette ryktet. Er det på tide, eller er det for seint?

Astrid Sæther: "Suzannah - Fru Ibsen". Gyldendal 2008.
Foto: Heidi Larsen

Det er mange av dei: Suzannah og Karoline, Tomasine og Hulda, Halldis og Jane. Dei gifta seg med store namn, og måtte leve livet ved sida av ein person alle eigde ein del av. Ein person som kunne gå inn i arbeidet og bli der, og for fleire av dei store namna gjaldt det at problem med skrivinga lett kom ut som raseri eller periodisk total mangel på kommunikasjon med ektefellen.

Eit nødvendig onde?

Dei har hatt sitt å stri med, desse fruene. Tilbake har dei fått eit rykte, ofte på spinkelt grunnlag: Tomasine redigerte og banaliserte Jonas Lies skrifter, Halldis var ei lykke for Tarjei, og Suzannah? Jau, ho var den som kasta svirebrørne til Ibsen ut av huset og passa på at han gjorde jobben sin, som var å skrive verdsdramatikk. I beste fall altså eit nødvendig onde, som ifølgje anekdoten støtt sa ”Gå inn og dikt, Henrik”, når han våga seg ut av arbeidsrommet. No har Suzannah fått sin eigen biografi, ført i pennen av Astrid Sæther som er førsteamanuensis ved Senter for Ibsenstudier. Biografen har to siktemål med boka:

Astrid Sæther: "Suzannah - Fru Ibsen". Gyldendal 2008.

Astrid Sæther: 'Suzannah - Fru Ibsen'. Gyldendal, 2008.

Foto: Heidi Larsen

Ho vil vise 1: at Suzannah var ei sterk, flott og intelligent kvinne, og 2: At Ibsens samla verk ville vore annleis og truleg mindre radikale og geniale utan Suzannah.

”Det har vært et tankekors for meg at Henrik Ibsen, som har skapt de mest kontroversielle, opprørske og fascinerende kvinneskikkelsene overhodet i den dramatiske kunst, kan ha levd med en kvinne som passivt ”ofret seg” og satte seg selv til side for at han skulle kunne virke. Det er min mening at han har hentet inspirasjon og kunnskap fra Suzannah, som var en fantasirik, lesende og svært intelligent kvinne. Fra sin store slekt har hun i tillegg kunnet hente fram skikkelser, skjebner og historier som ga mannen et mangfoldig stoff å dikte på. Hennes oppvekst i et eventyrlig kystlandskap reflekteres også i det rom som dikterens dramatiske skikkelser ofte plasseres inn i.

På sitt stille vis har hun vært en ”medspiller” til de verker Ibsen skapte.” (s 8)

Ambisiøst prosjekt

Dette er eit ambisiøst prosjekt, og biografen kjem ikkje heilt i mål. Ho har funne nokon nye kjelder, som er brev mellom Suzannah og familien, og ho nytolkar tidlegare kjende kjelder. Fram stig ei kvinne som er glad i å gå lange turar, og som viser omtanke for den store familien sin, - ho hadde 8 søsken. Fleire samtidige kjelder vitnar om at ho var kjapp i replikken og slett ikkje så stygg som ryktet vil ha det til, og ho diskuterte gjerne spørsmål i tida med Aasta Hansteen og Camilla Collett. Sikkert også med ektemannen, i alle fall i dei åra dei var på talefot, men det er lite dokumentert. Eg ser heller ikkje dokumentasjon for den ”pakten” biografen hevdar dei to skulle ha inngått, der Suzannah blei ”innlemmet i hans kunstneriske prosjekt”.

Spinkelt materiale

Astrid Sæther tøyer og tolkar sitt spinkle materiale for å vise at Suzannah var ein likeverdig partnar med eit likeverdig prosjekt: Å skape ein verdsdramatikar ut av den litt klossete teaterdirektør Ibsen. Ho omkransar fru Ibsen med positive adjektiv: Suzannah var verbal, intellektuell, fantasirik, sterk, fri, heftig, impulsiv, intelligent, fritalande, utadvendt, humoristisk, klok, handlingsdyktig, effektiv og usentimental, og meir i same gate. Vidare les ho Suzannah inn i ulike Ibsen-kvinner, og ho kjenner att både Suzannahs synsmåtar og barndomsmiljø i dramatikken til ektemannen. Det kan vere rett alt saman, men det vert ikkje manifestert i biografien. Materialet rekk rett og slett ikkje til å skape det bildet Sæther så gjerne vil lage. Dermed framstår eit på alle vis sympatisk prosjekt som for stort anlagt. Det vi i våre dagar veit om Suzannah, held ikkje til ein biografi på 350 sider.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober