Dei som har lese noko av Erlend Loe før, vil vite at kvinnene ofte er handlekraftige og sjeldan sympatiske. Dette gjeld i særleg grad Marianne i ”Tatt av kvinnen” som for tida kan studerast i all sin gru og velde på kino.
I ”Muleum” har han for første gong ein kvinneleg hovudperson. Og eg må vedgå at eg gjekk til teksten med ei viss spenning; - har Loe skapt ein ny hodjevel?
Leik med døden
Det er Julie denne gongen. 18 år, fødd og oppvaksen i Åsen som truleg er Holmenkollåsen, pappa er rik advokat, mamma er 20 år yngre og bruker tida si på å stadig nymøblere huset dei bur i. Bror ville bli kunstnar og hadde kunstnarvenninne, men far sa at han burde slå opp med henne og heller studere jus, og då gjorde bror, som passande nok ber namnet Tom, det. Julie bur altså i ein klisjé av ein Oslo vest-familie, og dette er om lag så mykje vi får vite om dei tre familiemedlemmene.
Handlinga startar etter at mor, far og Tom har mista livet i ei flyulukke over Afrika, og Julie er att aleine i det store huset saman med ein polakk som er i ferd med å flisleggje den andre poolen. Saknet etter familien overveldar Julie i ein slik grad at ho ikkje vil leve lenger.
”Mitt eneste nyttårsforsett er å forsøke å dø. Jeg skjønner bare ikke hvordan jeg skal klare det. De tradisjonelle metodene virker så vulgære. Å henge seg eller skyte seg og den slags. Det er ikke meg, liksom. Helst ville jeg falle ned med fly jeg også. Men fly faller jo ned altfor sjelden. Med mindre jeg drar til Afrika, naturligvis. Men det virker kanskje litt masete igjen. Jeg må tenke på det.” (s. 20)
Dermed bruker Julie all si handlekraft på å designe og gjennomføre dødsmåtar som ikkje er vulgære, men som likevel er spektakulære. Ideane kjem på rekkje og rad, i den grad at eg - av reint litterære grunnar - tok til å lengte etter at Julie omsider skulle greie å gjere ende på tenåringslivet sitt. Til å vere sørgjande har ho ein imponerande energi, og sansen for stil er tydelegvis det siste ho skal miste.
Kva er dette?
Etterkvart blir kjensla av repetisjon og saknet etter utvikling påtrengande. Som Marianne har heller ikkje Julie fått eit særleg stort register å spele på, og det er verst for Julie, som trass alt er hovudperson. Spørsmålet som trengjer seg på er: Kva er dette?
Er det ein harselas over folk frå Åsen generelt og tenåringar derifrå spesielt? Er det ein underhaldningsroman om bisarre sjølvmordsmetodar? Handlar det om sorgprosessar? Eller er det rett og slett berre ”ei god historie”? Eg finn ikkje tyngdepunktet i denne romanen som i forma er ei dagbok, og som er temmeleg fri for forteljarstemmer, undertekster eller anna som kunne sett Julies tekst i eit visst perspektiv.
”Muleum” er ein konstruert tittel på ein konstruert roman som ikkje heilt veit kvar han vil.