Hopp til innhold

Å være John McEnroe

Eg spelar ikkje tennis. Eg ser berre unntaksvis tennis på TV, og kan ikkje reglane. Men sjølv om eg altså ikkje kjenner spesielt godt til sporten, har eg hatt glede av å lese sportsbiografien Tim Adams har skrive om tennisfantomen John McEnroe.

Tennisstjernen John McEnroe jublere over å ha slått Bjørn Borg på Wimbledon i 1981. Foto: AP/Scanpix

Tennisspelaren John McEnroe er kanskje meir kjend for bråket og skandalane enn for tennismatchane. Korleis såg det ut inne i hovudet på John McEnroe? Tim Adams prøver å gje eit svar i den kritikarroste boka ”Being John McEnroe”, som no er komen ut på norsk

Foto: ADAM STOLTMAN / AP

Forfattaren Tim Adams er lite hekta på spissfindige regeltolkingar, kosthald, trening, slitne leddband og alt slikt som gjer sportsbiografiar til trasig lesing for andre enn den mest ihuga fansen. I staden interesserer han seg for kulturkollisjonar. Til dømes mellom den arrogante amerikanske rikmanssonen McEnroe som hadde store problem med å innordne seg i system på den eine sida, og Wimbledon, tennisbanen med uskrivne reglar for gentlemanlike oppførsel i slike mengder at ein må vere fødd inn i den britiske adelen for berre å ane dimensjonane.

Eller han interesserer seg for ulike spelartypar: til dømes den superkontrollerte Bjørn Borg som hadde eitt ansiktsuttrykk men til gjengjeld tusenvis av faste rutinar rundt tennismatchar, og den rastlause McEnroe som med sin låge impulskontroll eksploderte for eit godt ord.

Adams: Å være John McEnroe. Arneberg 2007

Tim Adams: Å være John McEnroe. Omsett av Monica Carlsen. Arneberg 2007

Foto: Arneberg forlag

Frå utøvar til personlegdom

Mest fascinerande er denne vesle boka når ho analyserer dei store endringane i sporten som fann stad nettopp på McEnroes og Borgs tid. Det var då TV-kameraene tok til å følgje ansiktet på spelarane som gjekk over frå å vere idrettsutøvarar til å bli personlegdomar, det var på denne tida sponsoravtalane for alvor kom inn i sporten og dryssa ufattelege mengder med pengar over utøvarane. Slikt gjer noko med folk.

”Han slo etter de summende mikrofonene rundt dommerens stol med racketen, sparket etter TV-monitorene ved sidelinjen og ble nervøs av det elektroniske seende øye som ble tatt i bruk for å lette linjedommerens jobb og få en slutt på diskusjoner det stort sett var McEnroe som startet. ”Jeg vil ikke låte paranoid” – sa han om ”kyklopen” som overvåket servelinjen på Centre Court – ”men det apparatet vet hvem jeg er.” (…)

I Queens Club i 1981, skrek han til publikum: ”Jeg er så motbydelig at dere ikke burde se på meg. Forsvinn, alle sammen!”

Han ble avhengig av offentlig oppmerksomhet, men hatet både seg selv for å trenge den og publikum for å ville ha en del av ham.” (s. 62-63)

Medrivande

Tim Adams støttar seg til kulturpessimistar som Christopher Lasch og merkevarekritikarar som Naomi Klein, og ser utviklinga i tennissporten frå tidleg 80-tal fram til i dag som ei forfallshistorie. Uskulda er forbi. Media øydelegg utøvarane, pengane lokkar foreldre til å starte treninga før avkomet kan gå, leiken er borte og nye racketar har fjerna raffinementet frå spelet. Om dette stemmer, får dei som kjenner idretten vurdere. Men forfattar Adams skriv medrivande og argumenterer overtydande, ikkje minst når det gjeld kva McEnroe gjorde for Nike og kva Nike gjorde med McEnroe.

Boka ”Å være John McEnroe” fortel altså ei historie der både McEnroe og tennisen blir bilde på ei utvikling, og det er ein fordel for oss som aldri hadde bilde av tennisspelarar på veggen i ungdommen. Men tennis framstår som ein minst like absurd og lite fascinerande sport no som før denne boka dukka opp.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.