Hopp til innhold

De magiske tankers år

Etter førti års samliv døydde mannen til forfattaren Joan Didion, brått, han fekk hjartestans ved middagsbordet. Dette skjedde medan einaste dottera deira låg i koma på sjukehus. Kva gjer ein i slike situasjonar? Joan gav seg til å skrive.

Den amrikanske forfatteren og journalisten Joan Didion. Foto: Brigitte Lacombe

Den amerikanske forfattaren og journalisten Joan Didion har skrive ei sterk bok om sorg.

Foto: Brigitte Lacombe

"Livet forandrer seg raskt.

Livet forandrer seg i øyeblikket.

Man setter seg til bords, og livet slik man kjenner det, tar slutt." (s. 7)

Slik opnar boka "De magiske tankers år", der forfattaren skriv om det første året, sørgeåret, etter at mannen og forfattarkollegaen John Dunne døydde så og seie midt i ein setning ved middagsbordet.

Joan Didion: De magiske tankers år. Tiden 2007

Joan Didion: 'De magiske tankers år'. Memoarer. Omsett av Halvor Kristiansen. Tiden 2007

Foto: Torgeir Holm

Usentimental, men gripande

Denne spesielle memoartypen har mange fallgruver – ein kan dumpe ned i sentimentaliteten, bli sjølvmedlidande, ulideleg privat eller sorgekspert med råd til alle andre som har mista nokon dei var glade i.

Joan Didion unngår alle feller og skriv ei usentimental, men gripande historie om alle dei mange fasettane ei sorg kan ha. Ikkje minst om vrangforstillingane som dukkar opp, i ulike versjonar:

”Jeg tenkte slik små barn tenker, som om tankene eller ønskene hadde makt til å reversere for tellingen, endre resultatet. I mitt tilfelle hadde disse forstyrrende tankene vært skjult, ubemerket av alle andre, tror jeg, bortgjemt selv for meg, men i ettertid så jeg at de var både påtrengende og kontinuerlige. I ettertid så jeg at de hadde vært tegn, varsellamper jeg burde ha lagt merke til. Det hadde for eksempel vært dette med nekrologer. Jeg orket ikke å lese dem. Dette fortsatte fra de første nekrologene dukket opp den 31. desember, til 29. februar 2004 under Oscar-utdelingen, da jeg så et bilde av John på minnevideoen de hadde laget. Da jeg så fotografiet, forstod jeg for første gang hvorfor jeg var blitt så opprørt over nekrologene.

Jeg hadde tillatt andre mennesker å tro at han var død. Jeg hadde tillatt at han ble levende begravet.” (s. 36)

Ei kjærleikshistorie

Joan Didion framstår som ein ganske rasjonell type, som heller ikkje brukar ropeteikn og store bokstavar i utide. Dermed får slike irrasjonelle eller kanskje heller magiske utslag av sorga desto større effekt. Men først av alt er boka ei kjærleikshistorie både til mannen ho elska og til alle dei vanlege tinga ein gjer på dei vanlege dagane. Og ei påminning om at livet er skjørt og kan ta slutt på ein av dei heilt vanlege dagane.

”Du er trygg. Jeg er her” kviskrar forfattaren igjen og igjen inn i øyret på dottera, som fall i koma fem dagar før mannen døydde. Ei setning som knapt overtyder henne sjølv ein gong; ho var der jo også då mannen døydde utan at det hjalp.

For Joan Didion verkar det som det å skrive hjelper henne gjennom sørgeåret, og historia om dette året er ærleg og vakker, og gir lyst til å lese meir av forfattaren. Men skrivinga gjer ikkje livet tryggare: kort tid etter at boka kom ut, døydde dottera.

 

Kulturstrøm

  • Tre norske er nominert til Nordisk Råds barn- og ungdomslitteraturpris

    Grøssaren «Udyr» av Ingvild Bjerkeland og høgtlesingsboka «Oskar og eg» av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens nominert frå Noreg.

    I tillegg er Saia Stueng frå Karasjok nominert for ungdomsromanen «Hamburgerprinseassa – Eallá dušše oktii» i kategorien for det samiske språkområdet.

    Totalt 14 nordiske biletebøker, barnebøker og ungdomsromanar nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024.

    Fleire av dei nominerte tek for seg eksistensielle spørsmål om livet og døden. Eit anna tema som går att er menneska sin relasjon til naturen.

    Vinnaren vert offentleggjort 22. oktober.

    Montasje forfatterportrett Maria Parr og coveret til barneboka Oskar og eg
    Foto: Samlaget/Jula Marie Nagelstad
  • Tungtvann feirer 25-årsjubileum i Operaen

    I år er det 25 år siden Tungtvann slapp sin første EP «Reinspikka Hip Hop».

    Det feirer de med å opptre på Operaen i Oslo.

    15. september blir det nemlig nordnorsk rap på menyen i hovedstadens storstue. Kringkastingsorkestret (KORK) blir også med på feiringen.

    I tillegg er hiphop-profiler som Petter, Jaa9 & OnklP, Lars Vaular, Oscar Blesson, Tyr, Grim Pil og Rambow invitert til jubileet.

    – Med den line-upen vi har så lurer jeg på om operaen er stor nok til å huse oss, sier Jørgen Nordeng i en pressemelding.

    – Sånn rent publikumsmessig, understreker han.

    Nordnorske Tungtvann er regnet for å være de første til å lykkes med rap på norsk.

    – Da vi begynte var det for å bevise at det gikk an. Vi følte at det meste vi hadde hørt av norsk rap ikke hørtes ut som hiphop, sier Nordeng.

    Arrangementet er i regi av Bodø2024.

    – Grunnen til at vi ønsker å gjøre det i Oslo, som den eneste produksjonen vi gjennomfører der, er at dette fenomenet funker på norsk takket være nordlendinger. Da gir det mening å ta det til hovedstaden, forteller programsjef Henrik Sand Dagfinrud

    Tungtvann opptrer på operaen 15. september
    Foto: Tarjei Krogh
  • Fleire artistar droppar Eurovision-arrangement

    Artistane Dotter og Titiyo skulle opptredd i Eurovision Village, men har no trekt seg. Det melder NTB.

    Eurovision Village er det offisielle festivalområdet knytt til Eurovision i Sverige. Der skal det vere fleire konsertar og arrangement frå 4. til 11. mai. Fleire av dei som skal opptre har trekt seg frå arrangementa.

    Bookingansvarleg for Titiyo skriv at «logistiske årsaker» er årsaka til at artisten ikkje speler. Dotter har fått fleire oppfordringar til å boikotte Eurovision på Instagram, fordi Israel deltek, skriv NTB.