Hopp til innhold

Privatlivet. Ei undersøking

Når Tomas Espedal no gir ut ein fotoroman med tittelen «Mitt privatliv», perforerer han grundig det etablerte skiljet mellom personleg og privat.

Tomas Espedal

Den som har lese ei bok eller tre av Espedal før, vil kjenne att metoden hans.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Ikkje for det, dette skiljet har lenge vore nokså skrøpeleg. Allereie i 1974 klaga den amerikanske sosiologen Richard Sennet over det kulturelle forfallet som oppstod når privatlivet til folk tytte ut i det offentlege rommet.

Klagen vart framført i boka «The Fall of Public Man», fyndig omdøypt til «Intimitetstyranniet» i norsk versjon. Og det var over tretti år før facebook, som jo har ført til industrielle mengder privatliv i sirkulasjon. Om dette kan ein meine mykje, men spørsmålet som melder seg her, i møte med Espedals roman, er:
Kva er forskjellen på private foto med kommentarar på facebook, og private foto med kommentarar i Tomas Espedals fotoroman «Mitt privatliv»?

Avhengig av fotografia

Forskjellane er faktisk påfallande. Det mest opplagte er naturlegvis formatet: Espedals roman er ei stor bok i glansa papir med eitt bilde øvst på kvar side, og ein kort tekst under. Det er mykje luft rundt teksten. «Mitt privatliv» er rett og slett ei stille og vakker bok, noko ein sjeldan tenkjer om fjesboka.

Så er det tekstane. Felles for dei alle er at dei varierer frå aforisme til salmeversformat i volum. Og felles for nesten alle, er at dei er litterære og ikkje spontant nedtasta for rask distribusjon. Likevel utgjer teksten berre ein liten del av denne romanen. Fotografia er eit berande element, og dei er, etter det eg forstår, tekne av forfattaren og er slike du kan sjå i fotoalbum: av barn, blomar, hus, skrivebord, hotellsenger, lampar. Ikkje heilt slik som i fotoalbum, forresten: her er ingen juler og 17.-maiar som jo er klassisk fotoalbumfyll, mens sjangeren uoppreidd seng, som finst i rikeleg grad i denne romanen, er ikkje like vanleg i album, det eg kjenner til.

Trass i at utvalet er litt spesielt, og trass i at nokon bilde er tydeleg stiliserte (ingen har vel så ryddige skrivebord!?) så er dette likevel ikkje kunstfotografering. Dette er ein mann med kamera som seier noko om livet sitt gjennom å rette kameralinsa mot det han har rundt seg. Det han vel ut, seier noko om hans, ja, privatliv.

Espedals metode

Den som har lese ei bok eller tre av Espedal før, vil kjenne att motiva: arbeidet med å skrive, ansvaret for to døtrer, flytting, mors og fars historier, kjærleiken som tok slutt, livet som permanent sørgjande. Ikkje minst vil ein kjenne att det genuint espedalske performative grepet. Med det meiner eg at han gjer noko, som har til føremål å setje i gang prosessar som munnar ut i eit skriftstykke. Metoden er ikkje ulik den yndlingsforfattaren Emmanuel Hocquard tek i bruk når han legg forskjellige ting på bordet og opplever at tinga utløyser ein tekst, men Espedals prosjekt går meir i retning av å utforske eksistensen enn kva som er tilfellet hjå Hocquard.

Vi har sett Espedal bruke denne metoden tidlegare. Eitt døme er i prosjektet med å gå, i romanen « Gå. Eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv », der så vel sjølve gåinga som dei kvite skjortene han valte å vandre i, sette sine spor i teksten. Vi såg det i fjorårets « Bergeners », der forfattaren valte å feire 50-årsdagen sin på høgtideleg vis, men utan ein einaste gjest. I romanen «Mitt privatliv» får vi bilde av festbordet etter at einmannsfesten er over, med den tilfredse teksten:

Min femtiårsdag.
Jeg feiret dagen alene.
Men skrev en av mine beste tekster: "Gjesten"

Utdrag fra Mitt privatliv

Eit kuriøst poeng her er at det for meg ser ut til at bordet på fotoet har vore dekt til tre personar. Om dette er eit subtilt signal om ein upåliteleg forfattar eller berre ei uvanleg raus pådekking, skal eg ikkje meine noko om. Dei fleste av oss kan leve med at forfattarar diktar når dei skriv romanar.

Open, men avgrensande

Men metoden er interessant, ettersom forfattaren opphevar -ikkje berre skiljet mellom personleg og privat, men også skiljet mellom kunst og liv. Det espedalske er eit totalprosjekt der forfattaren stadig oppsøkjer nye kulissar der han kan setje seg i scene for deretter å feste scenen til papiret. Metoden er open og eksperimenterande, men blir på sett og vis modifisert av kategoriske, avgrensande, til tider nærmast avvisande påstandar: "Vandreårene mine var over". "Jeg var lykkelig i New York. Jeg skal aldri dit igjen". Gjennom skrifta skaper han forståingsrammer og avgrensingar. Kanskje også livsrammer, kven veit.

Eit fascinerande prosjekt

Fleire gonger i løpet av romanen «Mitt privatliv» insisterer forfattaren på at han ikkje har noko privatliv. Slikt opnar for fortolkingsspiralar eg skal styre unna. Men den som ventar dampande avsløringar har ingen ting å hente. Trass i at forfattaren er svært sjølvutforskande, er prosjektet ikkje eingong i nærleiken av det pikante. I staden dannar romanen nok eit kapittel i den store boka Tomas Espedal har skrive på i mange år, der han utforskar eksistensen gjennom å betrakte, skildre og tolke arrangerte så vel som påførte scener.

Årets kapittel har ein vemodig, men likevel forsont tone. Forfattaren har valt sin heilt særeigne inngang på store sjølvbiografiske prosjektet som har vore så sentralt i skjønnlitteraturen på 2000-talet. Den espedalske måten er både djuptpløyande og fascinerande. Etter å ha lese «Mitt privatliv» to-tre gonger (boka må lesast minst to gonger!) sit eg likevel att med eit ønske om ei utviding og ikkje berre ei utdjuping i neste kapittel av det espedalske eposet.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober