Hopp til innhold

Jakta på verdas beste forfattar

KOMMENTAR: Når nobelprisen i litteratur skal delast ut hadde det vore interessant om Svenska Akademin tok opp ein gammal og dels utskjelt tradisjon: Kva med å gje prisen til ein sakprosaforfattar?

Marta Norheim

Kommentator Marta Norheim meiner det er på tide på tide at Svenska Adademin tek konsekvensen av at vi meir enn nokon gong før treng å lese historier forfatta av folk som ser kloden frå ein annan vinkel.

Foto: Samlaget

På torsdag får vi vite kven som frå då av vil ha tittelen "nobelprisvinnar" knytt til namnet sitt for resten av livet og endå lenger: Du er nobelprisvinnar så lenge nokon vil lese bøkene dine. Ja, lenger enn det også; for mange vinnarar gjeld det at prisen er det einaste ein veit om dei. Den franske forfattaren Sully Prudhommes claim to fame i dag er eine og aleine at han vann den første nobelprisen i litteratur i 1901. Dermed dukkar han årvisst opp frå gløymsla for å spøke i quizar og kommentarar og oversikter, lenge etter at nokon sist brydde seg om bøkene hans.

Torsdag får altså denne eksklusive klubben eit nytt medlem. Før 09.10 kl. 13:00 svensk tid er det svært få som veit kven den utvalde er, og dei seier ingen ting. "De aderton", forfattarane som sit på livstid i Svenska Akademin, kan mange ting. Ein av tinga dei kan er å halde tett. Vi andre må gjette.

Atwood ut av rekkja gå

Margaret Atwood

Nobelprisen skal aldri gå til forfattarar frå same landet to år på rad, så Margaret Atwood får den ikkje i år

Foto: NRK

Ein forfattar som har figurert blant favorittane i fleire år, er no ute av dansen på ubestemt tid. Eg tenkjer på Margaret Atwood. For Akademin har sine uskrivne reglar og ein av dei er at prisen aldri skal gå til forfattarar frå same landet to år på rad. Sidan Alice Munro frå Kanada fekk prisen i fjor, har kanadiske Atwood rykka langt bak i køen og køen er lang. Så lang at nokon døyr før dei når fram; det skjedde både med Graham Greene og med Thomas Bernhard som ifølgje rykta skulle fått prisar men så kom altså døden Akademin i forkjøpet.

Eg har stor sympati for Doris Lessing, som då ho fekk prisen som 88-åring gav tydeleg uttrykk for at det var altfor seint. Den nakne sanninga er at det finst fleire gode forfattarar enn det finst Nobelprisar.

Marta Norheim, bokmeldar

Levande og døde

Det har rettnok hendt at prisen gjekk til ein død forfattar. Det var då Erik Axel Karlfeldt mottok prisen posthumt i 1931. Det var ei spesiell utdeling på fleire vis, ettersom han både var sekretær i Akademin, døydde og fekk prisen i same året. Men å gje prisen til døde forfattarar er ein dårleg ide, og for nokon av oss framstår det som ein nesten like dårleg ide å gje prisen til forfattarar som for lengst har slutta å skrive.

OK, han skal gå til eit forfattarskap og då er det naturleg at mottakarane er forfattarar som har halde på ei stund. Men eg har stor sympati for Doris Lessing, som då ho fekk prisen som 88-åring gav tydeleg uttrykk for at det var altfor seint. Den nakne sanninga er at det finst fleire gode forfattarar enn det finst Nobelprisar og dei som ikkje får pris i tide må ut av rekkja gå, det nok av forfattarar å ta av.

Er nobelprisen viktig lenger?

Det har vore debattar, ikkje minst i USA om denne prisen er særleg viktig lenger: Mange nye prisar har kome til etter 1901, og dei mange "rare" tildelingane har svekt autoriteten. Det første er rett, det andre er feil, eller i alle fall meir problematisk. Men at det finst eit vell av litteraturprisar er heva over tvil. Dei skyggar likevel ikkje over det spesielle ved nett denne prisen:

Det finst nemleg ikkje veldig mange prisar som kan gå til forfattarar frå heile verda uavhengig av land eller språk. Det finst ikkje mange prisar som har så generøs premie, 8 millionar svenske kroner har ei eiga tyngd og let seg ikkje oversjå. I tillegg har prisen ei lang historie og ikkje minst viktig: han er del av heile Nobel-prosjektet, med prisar og virak til eit knippe folk frå ulike fagområde som har gjort bra ting for mennesket.

Statue av Alfred Nobel i Stockholms rådhus

Alfred Nobel ville at prisen skulle gå til dei som det siste året hadde gjort størst nytte for menneskeslekta

Foto: OLIVIER MORIN / AFP

For vi skal ikkje gløyme at den gamle dymamittgubben Nobel hadde eit idealistisk føremål med desse prisane. Dei skulle gå til dei som det siste året hadde gjort størst nytte for menneskeslekta. For litteraturprisen finst det eigne retningsliner: denne prisen skal gå til den forfattaren som har skrive det beste i idealistisk retning. Nobel meinte - som Bjørnson og mange andre i den tida- at oppbyggjeleg litteratur var med på å byggje opp karakteren til den einskilde lesaren og heve moralen i samfunnet.

Kva er rart?

Tilbake til rare tildelingar. Om ein går kritikken etter i saumane, handlar den mest intense kritikken frå USA om at for få amerikanarar har fått prisen. Det kan dei ha rett i; men få andre vil meine at det er eit avgjerande argument. Eit meir kuriøst argument frå den kanten har vore at det hender prisen går til forfattarar som ikkje er omsett til engelsk. Tygg på den.

Er dette ein pris som skal opne store forfattarskap for nye lesarar, eller er dette ein pris som skal vere eit klapp på skuldera til forfattarar alle kjenner frå før?

Elles er kritikken over forfattarar som ikkje har fått prisen sterkare enn kritikken over dei som har fått prisen. Nobelpristildelingar er kanonisering på globalt nivå. Det beste som kan skje, er at tildelingane vert vurdert og kritisert og argumentert for eller i mot. Men argumentet om at tildelinga er "rar" fordi ein sjølv aldri har høyrt om prisvinnaren før, er eit lite interessant argument.

Idealismen er ute

I kritikken over tildelingar har det vore eitpar innvendingar av prinsipiell karakter. Den eine har handla om at prisen ikkje lenger går til forfattarskap med idealistisk innretning. Og ja, det er heilt rett at Akademin etterkvart har tatt temmeleg lett på denne føringa frå Nobel. Og ja, det har dei gjort rett i, noko anna ville verkeleg ha ført til marginalisering av prisen. Ikkje berre litteraturen, men også tenkinga rundt litteratur har endra seg så mykje at her har prisutdelarane forstått i tid og justert prinsippa.

Den andre kritikken har kome når prisen har gått til reine sakprosaforfattarar. Det er til no fem slike som har fått prisen, tre av dei var filosofar, éin var historikar og ein var statsmann.

Det er lenge sidan vi har sett desse kritiske innvendingane, spesielt den siste og det er ikkje så rart ettersom prisen ikkje har gått til ein sakprosaforfattar etter at Winston Churchill (!) fekk litteraturprismedalja på brystet i 1953.

Sekretær i nobelprissjiktet

Svenska akademiens faste sekretær Peter Englund

Peter Englund, som er sekretær for den verdige forsamlinga av svenske forfattarar i Svenska Akademin er sjølv ein sakprosaforfattar av nobelprisformat

Foto: FREDRIK SANDBERG / NTB scanpix

No har det skjedd temmeleg mykje også innan sakprosaen etter 1953, og ikkje minst dei seinare åra, då litterært høgverdig og sakleg relevant prosa har gitt verda litt av kvart å tyggje på. Det er nok å ta av. Problemet kan vere at det er alt for mykje å ta av, ettersom ei slik utviding naturlegvis utvidar talet på aktuelle verdige vinnarar enormt.

Men Peter Englund, som er sekretær for den verdige forsamlinga av svenske forfattarar i Svenska Akademin er sjølv ein sakprosaforfattar av nobelprisformat. Det inneber ikkje at Akademin bør ta ein Karlfeldt som i 1931 og gje prisen til sin eigen sekretær, men bakgrunnen hans borgar for at han i alle fall kjenner feltet og veit å finne fram til dei beste. Kva han tenkjer får vi ikkje vite før torsdag.

Ein verdig sakprosavinnar

Fram til då må vi gjette, og mitt tips er Svetlana Aleksievitj. Viss ho får prisen har Svenska Akademin gjort noko dei aldri har gjort før. Ikkje fordi sakprosaen kjem inn, for den har jo vore inne før, nei, det historiske ville ha vore at denne prisen då er første gong i historia ville gått til ei kvinne to år på rad.

Aleksievitj skriv i hybridsjangrar om slikt som kvinner i den raude armeen under 2. verdskrigen, Tsjernobyl, Sovjets krig i Afghanistan og livet etter Sovjetunionens fall, heile vegen bygd på grundige intervju med folk som har erfaringar.

Jan Eklund i Dagens Nyheter føreslår klassifiseringar av forfattarskapen hennar som "polyfon vittneslitteratur, litterär journalistik, passionerad sakprosa eller iskall dokumentär." Boka «Krigen har intet kvinnelig ansikt» kom på norsk i år. Ryktet seier at ho no er i arbeid med ei bok om kjærleiken. Kort sagt: Ein forfattar som tek opp dei store og viktige spørsmåla.

Du skal ha eit temmeleg spesielt litteratursyn for å hevde at årsaka til dette er at europearane er så mykje betre til å skrive enn resten av verda.

Marta Norheim, bokmeldar

Andre verdige vinnarar

Einaste motargumentet eg kan finne, er at prisen nok ein gong går til Europa, sjølv om akkurat Kviterussland aldri har hatt ein Nobelprisvinnar i litteratur tidlegare. No er jo ikkje dette ein verdsmeisterskap til nasjonane kjempar om medaljar, likevel er det tankevekkjande at over 80 prisar har gått til Europa medan fem har gått til Asia og fire til Afrika.

Land som har fått Nobelprisen i litteratur pre 2014. (Breddeversjon).

Det er tankevekkjande at over 80 prisar har gått til Europa medan fem har gått til Asia og fire til Afrika.

Foto: Vidar Kvien / NRK

Du skal ha eit temmeleg spesielt litteratursyn for å hevde at årsaka til dette er at europearane er så mykje betre til å skrive enn resten av verda. Sak eller skjønn, det er uansett på tide at Adademin tek konsekvensen av at vi meir enn nokon gong før treng å lese historier forfatta av folk som ser kloden frå ein annan vinkel.

Elias Khoury

Libanesiske Elias Khoury vil bli den andre arabiskspråklege vinnaren om han får prisen

Foto: Holm, Morten / NTB scanpix

Og det ville gitt heider, ære og lesarar til forfattarar som også fortener det. Ein pris til libanesiske Elias Khoury eller til kenyanske Ngugi wa Thiong'o ville pynta litt på statistikken. Elias Khoury skriv på arabisk og ville blitt den andre arabiskspråklege forfattaren til å motta prisen, etter egyptiske Naguib Mafouz i 1988.

Ngugi wa Thiong'o er ein av svært få internasjonalt kjende forfattarar som har valt å forfatte historiene sine på det kenyanske språket kikuyu i staden for å bruke språket til den tidlegare kolonimakta. To sta, kloke karar som ville ha pynta opp på den sørgjelege statistikken til nobelprisen. Torsdag får vi fasiten.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)