Hopp til innhold
Anmeldelse

Bokanmeldelse: Nytt tokt med Hillevågsgjengen

Når Renberg for andre gong inviterer oss med på kjeltringstrekar og kvardagsliv i Hillevågsgjengen, brukar han oppskrifta "same, but different". Det fungerer riktig bra.

Tore Renberg

«Angrep fra alle kanter» er ei forrykande historie om eit usannsynleg fargerikt persongalleri som gjer sitt beste for å overraske lesaren på ny og på ny. Dette var moro, skriv bokmeldar Marta Norheim om Tore Renbergs nye roman.

Foto: André Løyning / Oktober forlag
Bok

«Angrep fra alle kanter»

Tore Renberg

Med fjorårsromanen «Vi ses i morgen» tok Tore Renbergs allereie mangslungne forfattarskap nok ei ny vending: Exit Jarle Klepp, inn med Hillevågsgjengen. Både kritikarar og lesarar kom på banen og meinte at den nye serien lova riktig godt; den heilt ekstraordinære litterære energien til Renberg blei sleppt laus i ein samanheng der det passa bra med skikkeleg trøkk.

Kvardagsliv på begge sider av lova

Nørtørftig skjult bak eit flyttebyrå driv søskenparet Jan Inge og Cecilie med småkriminalitet saman med Rudi, kjærasten til Cecilie. I første bok samarbeidde dei med lovlydige samfunnsborgarar som trong pengar, mange pengar, veldig raskt. I årets roman det også kontakt mellom folk på begge sider av lova. Vi er ikkje i krimsjangeren, her er det snakk om romanar om sjølve livet til kriminelle så vel som lovlydige og dei som er midt i mellom; her finst det folk som er i drift, anten ut av eller inn i skurkeklubben. Kva som gjer at folk hamnar i dei ulike kategoriane går det an å gruble på over denne romanen, om ein då ikkje blir hekta på handlinga som er fengande, morosam, rørande, usannsynleg, rotete, velkomponert og underhaldande. Renberg sender på mange frekvensar.

Under planlegginga av det store brekket dannar det seg ei større gruppe rundt våre folk, og vi anar ein ungdomsgenerasjon som skal få ta over i bok nummer tre.

Marta Norheim

Med vatn og såpe i røvarhuset

Dei tre sentrale personane i «Angrep fra alle kanter» opplever store endringar i privatlivet i løpet av denne romanen. Jani får seg dame, Cecilie blir gravid. Dette fører til at Rudi prøver å dempe det usannsynleg frodige grisepreiket sitt, Cecilie prøver å leve eit sunnare liv, Jani går på trening og alle prøver å droppe skrekkfilmar og tungrock til fordel for familiefilmar og Odd Nordstoga. Det store forbetringsprosjektet går det som som så med. Same, but different, og det ikkje berre i det private: Tida er inne for å bli lovlydige borgarar i eit reint og pent hus. Dei må berre gjere eit siste, stort brekk først.

Under planlegginga av det store brekket dannar det seg ei større gruppe rundt våre folk, og vi anar ein ungdomsgenerasjon som skal få ta over i bok nummer tre. Dei er hardare og meir ekstreme både som personar og som kriminelle og det er fåre for at dei etiske reglane - som Hillevågsgjengen rettnok stadig bryt - blir kasta over bord for godt. Tida vil vise.

Fedrenes misgjerningar

Angrep fra alle kanter

Renberg sender på mange frekvensar i «Angrep fra alle kanter».

Romanane om livet i Hillevåg og omland er kollektive. Vi får bli med inn i tankeverda til alle som har noko å seie for handlinga. Og ettersom Renberg let plotet vere enkelt og romanane lange, er det raust med tid til å følgje med på tankar og kjensler og ikkje minst kva for observasjonar dei medverkande gjer om kvarandre.

Og det er nettopp her det går an å velje ei langsommare fil og ta seg tid til å leve seg inn i ulike skjebnar eller til å reflektere over bakgrunnen for at nokon har blitt politi og andre røvarar, konstatere at begge grupper slit med å halde seg innanfor dei normene dei har sett for livet sitt, at same kor gode planar du legg så finst det ein kaotisk menneskeleg faktor som rotar det til.

Om ein skal gruble seg inn i psykologien er det enkel matematikk å rekne ut at folk som vaks opp med ein kald og brutal far og ei svak eller karrieristisk mor er dramatisk overrepresentert i gjengen. Som hjå Jarle Klepp er ikkje minst fedrenes misgjerningar mange og uhyrlege. Og Hillevågsgjengen er klare på at i familiespørsmål er det Kristeleg folkeparti som gjeld.

Men alvor til side: «Angrep fra alle kanter» er ei forrykande historie om eit usannsynleg fargerikt persongalleri som gjer sitt beste for å overraske lesaren på ny og på ny. Dette var moro.