Hopp til innhold

Himmelske harmoniar, jordiske intriger

Når trøytt og desillusjonert plateprodusent frå Oslo møter tre gamle pinsemusikantar i Skogli, oppstår det himmelsk musikk. Trass i at Henriksen tek tonen vel høgt mot slutten.

Levi Henriksen

Levi Henriksen har skrive romanen «Harpesang».

Foto: Torunn Myhre/privat / NRK

Ein framand rir inn i den fiktive hedmarksbygda Skogli for å vere fadder i dåpen til Hubert, eit uskuldig barn som blir oppkalt etter fars og fadders felles helt: bluesgitaristen Hubert Sumlin. Nøkkelen her er ikkje kva som skjer med barn som får rare namn, poenget er musikken. Den forkomne fadderen finn nemleg trua både på musikken og kanskje meir til etter å ha høyrt tre blad Thorsen synge med i salmane frå kyrkjebenken under dåpsgudstenesta.

På parti med Gud mot poplinkåpeadelen

Plateprodusent Jim Gystad får visjonar og prøver å tilnærme seg Maria, Timeoteus og Tamar Thorsen. Men dei tre markante og slagferdige representantane for det myndige lekfolk er ikkje svoltne på ære og rikdom mot slutten av livet, og formuleringar frå Jims kompis om at Jesus-gimmicken er genial, skaper ikkje akkurat eit godt forhandlingsklima.

Harpesang

«Harpesang» av Levi Henriksen

Foto: Gyldendal forlag

Den gode komikken som slår ut av desse kulturkollisjonane dannar inngangsporten til tre livshistorier som er fylt med kjærleik til musikken og til Gud, men også til høgt elska personar som dei av ulike grunnar ikkje lenger har kontakt med. Kjærleiken overvinn alt, som det står i skrifta, og våre tre pinsevener er oppriktig truande utan å gruble for mykje over religiøse læresetningar eller kvifor det gjekk som det gjekk med livet og kjærleiken.

Dei har ein bruksreligion som gir kvardagen meining og problema perspektiv, og livet har lært dei å blåse i så vel den fordømmande "poplinkåpeadelen" som denne verdas vidsom. Det kan gje seg ulike utslag, som at broder Timoteus er heilt klar på at månelandinga i 1969 var eit filmtriks. Og som i tidlegare bøker frå Skogli får vi raust med visdomsord med på vegen; forfattaren vil ikkje berre fortelje gode skrøner, han vil også minne oss på nestekjærleiken og at Jesus kan vere eit bra ankerfeste i eit flytande tilvere.

Jesusfaktoren

Dei seinare åra har usynlege krefter dukka opp i den norske samtidslitteraturen, men då helst i nyreligiøs tapping: Det finst krefter som styrer og skjulte meiningar med det som skjer. Populærlitteraturen har teke steget lenger og opererer med tydelege innspel frå overnaturlege makter og skapningar, til tider med stor kommersiell suksess. Men Jesus-faktoren er framleis svært låg, med mindre ein stavar namnet som Dzjiiises.

Den allsidige Tor Edvin Dahl har også gjort sine rundar i pinsemiljøet, elles er det få som let folkeleg kristendom spele ei -i alle fall delvis- positiv rolle i norsk samtidslitteratur. Det slår meg at dette er ein stor del av Noreg som sjeldan kjem til syne i litteraturen, og det slår meg at forfattaren har skrive ei bok der livsorienteringa til personane er lagt annleis enn i den dominerande sanseorienterte samtidslitteraturen.

Halleluja er ikkje eit ord i mitt vokabular, men ja, det kjennest bra å lese bøker frå slike miljø, sjølv om forfattaren brukar den fridommen alle fiksjonsforfattarar har til å forstørre og fargeleggje. Det finst neppe ei Maria, ei Tamar og ein Timoteus rundt i alle dei kvitmåla pinseforsamlingshusa og bedehusa rundt i landet.

Sentimentale strenger

Henriksen flettar dei tre dramatiske livshistoriene om kjærleik og død elegant saman med handlingane på notidsplanet der det også er nok av dramatikk og forviklingar: Blir det plate? Skal nokon døy? Og kva med barnebarnet som er villig til å selje bestemora si? Det heile toppar seg mot slutten, og sjølv om forfattaren aldri har vore redd for å spele på dei sentimentale strengene, overgår han seg sjølv og dessutan denne lesarens tolegrense før han set endeleg punktum. Det er som det punktet i kinosalen då filmen har fått fram tårene dine men så dundrar det inn med solnedgang og tusen fiolinar og steminga blir slått av idet du innser at dette er ikkje berre ei god historie, det er effektar som er lassa opp for nettopp å få salen til å hulke unisont.

Kvar denne avknappen slår inn varierer frå person til person, og for å vende tilbake til "Harpesang": Nokon vil meine Henriksen held tonen heilt ut. For eigen del vil eg seie at trass i utidig effektbruk på slutten er det vel verdt å bli med til Skogli denne gongen også. Det finst ikkje så mange slike plassar i norsk samtidslitteratur.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.