Hopp til innhold

Moses i øydemarka

Å følgje debatten om jødeparagrafen frå ein jødes posisjon er ein god ide som forfattaren ikkje utnyttar godt nok.

Einar O. Risa

Einar O. Risa skildrar ein av dei mindre kjende eidsvollsmennene, i romanen «Moses» .

Foto: Philip Weiss Tornes

Det har blitt produsert imponerande mengder tekst i samband med grunnlovsjubileet, men 1814 er heilt klart eit år som først og fremst har inspirert sakprosaforfattarane; Dei skjønnlitterære har gjort lite ut av det. Eitt unntak er Einar O. Risa, som no er ute med romanen «Moses», der han skildrar ein av dei mindre kjende eidsvollsmennene.

Det er ikkje overraskande at nett Risa har sett det skjønnlitterære potensialet i 1814. Ikkje berre har han vore innom dette hundreåret i fleire tidlegare romanar, han er i tillegg ein forfattar som ikkje er redd for å drive research, og han bruker gjerne både harde fakta og historiske personar i oppdikta historier. På sitt beste maktar han å kople dei små, individuelle historiene til den store historia.

Jesuittar og jødar

Denne gongen er det John Moses, unionist og handelsmann frå Kristiansund, ein av dei 112 eidsvollsmennene. Risa slår fast at Moses er jøde, og at han dermed må ha hatt det ganske spesielt på Eidsvoll der eit stort fleirtal fann det naturleg å skrive allereie i § 2 at:

«Jesuitter og Munkeordener maae ikke taales. Jøder ere fremdeles udelukkede fra Adgang til Riget»

Ein jøde sat altså på Eidsvoll og opplevde at forsamlinga stemte mot at slike som han fekk lov til å kome inn i landet. Det er ein situasjon som opnar mange perspektiv.

Moz og Boz

Men først sjølve romanen. Her ligg den gamle Moses i London og fortel livshistoria si, om handel og konkurs, ekteskap og skilsmisse, men ikkje minst om tida på Eidsvoll som han minnest med lite glede. Risa har gjort han til ein desillusjonert og temmeleg sytete kar, som stadig kjem tilbake til den sure raudvinen, den evinnelege kalvesteika og den elendige innkvarteringa langt inne i dei meiningslause skogane på austlandet.

Historia blir fortalt til ein person kalla for Boz, ein mann utan andre eigenskapar enn at han er skrivande. Om Risa tenkjer seg at han skal vere Charles Dickens, som brukte Boz som psevdonym, gjer han i så fall lite ut av det.

Sur vin, sur gubbe

Dette er i det heile ein roman som gjer lite ut av det. Jøden Moses refererer aldri til noko jødisk anna enn til sitt enorme jødiske snyteskaft, som jo er sjølve urklisjeen når det gjeld jødar. Han viser lita interesse så vel for jødedommen som for spørsmåla eidsvollsforsamlinga strevde med. Det som sit att etter endt lesing er ikkje historia om ein jøde på Eidsvoll, men om ein sur gubbe som synst alle dei andre var sneversynte, provinsielle og generelt uopplyste.

Slike karakteristikkar vert alltid mest interessante dersom avsendaren viser at han ikkje har desse eigenskapane sjølv. Det får aldri den stakkars Moses høve til å vise i denne romanen, som har blitt ei generell historie om ein desillusjonert gammal mann som er ute etter å plassere skulda for at livet har gått han i mot.

I denne sjangeren er «Moses» ingen dårleg roman, den repeterande, insisterande stilen til Risa får fint fram nyansar i eit sinn og i ei livshistorie, men romanen om kva som skjedde, eller kunne skjedd på Eidsvoll er framleis uskriven.

Men var han jøde?

Tilbake til historia. Den såkalla jødeparagrafen er det ingen grunn til å vere stolt over. Men var det verkeleg den jødiske fysiognomien dei frykta, var det store nasar og semittisk blod Nikolaj Wergeland og Theis Lundegård ville stenge ute? Eller var det den jødiske religionen? Eg vil tru dei tenkte på religionar som kunne svekkje lojaliteten til den norske staten: Munkar som var meir lojale til ordenen og til paven, og personar knytte til det jødiske trussamfunnet og som ein dermed tvilte på om hadde tilstrekkeleg respekt for lov og rett i riket.

Om Moses hadde jødisk blod i årene, er det vel ingen som har dokumentert. Men som norsk fødd av norsk mor og attpåtil norsk døypt, var han uansett ikkje ein mann som ville blitt utestengt av slike paragrafar. Og apropos den veldige nummeret romanen gjer av det urjødiske snyteskaftet: På dei to bilda eg har sett av Moses har han ein heilt upåfallande nase.

Mellom to stolar

Den som skriv romanar har mange val. Risa kunne valt å fjerne seg frå dei historiske kjeldene og dikte Moses om til ein truande jøde, stornasa eller ei. Dermed ville han fått fram det fråstøytande ved paragrafen. Eller han kunne valt å gå tettare inn på det historiske materialet og studert bakgrunnen for paragrafen og debattane som førte han så høgt opp i den elles etter forholda liberale grunnlova. Då ville Moses blitt ein lite sentral del av dramaet. I staden legg romanen seg midt mellom desse to posisjonane. Moses blir ein jøde som interesserer seg lite både for debatten og for jødedommen. Og romanen blir ikkje så viktig som han kunne ha vore.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.