Hopp til innhold
Anmeldelse

Medrivande mellomkrigsdrama

Ein ny finsk, historisk roman minner meg på dei store forskjellane det er mellom Skandinavia og Finland. Det som skil oss er ikkje minst den finske borgarkrigen mellom dei raude og dei kvite, der 37.000 miste livet.

Kjell Westö

Forfattar Kjell Westö.

Foto: Hilde Bjørnskau / NRK

Kjell Westö er ein forfattar som går inn i denne korte, men ekstreme epoken i finsk historie der det ikkje berre er eit sjokkerande høgt tal på døde; fangeleirar og terror høyrer også med i bildet. Ikkje til å undrast over at dette er eit ømt og vanskeleg tema i nabolandet.

Men årets roman Svik 1938 handlar ikkje om korleis dette kunne skje, her er 1918 ei fortid som folk må leve med – gjerne som eit skammeleg, taust traume – mens tida er på veg mot ein ny katastrofe.

Fakta om Finland

Den finlandssvenske forfattaren Kjell Westö har gjort Helsingfors til sin by og 1900-talet til sitt hundreår. Han vender stadig tilbake dit, til dømes i den Finlandia-prisvinnande romanen Der vi engang gikk som også blei TV-serie.

Forfattaren kan epoken og det historiske bildet er overtydande teikna i storpolitikken så vel som i detaljen. For ein middels opplyst lesar er det ting å lære, utan at kunnskapen blir påtrengande.

Å møte fangevaktaren igjen

I onsdagsklubben møter helsingforsadvokaten Claes Thune regelmessig ein gjeng gamle vener frå studietida. Det gjengen etterkvart som åra går har felles, er minne frå ungdomstida, og når frontane skjerpar seg i notida, skil venene lag i kløyvande spørsmål knytt til Hitler og nazismen.

Då den nye sekretæren til Thune, fru Wiik, gjenkjenner ein av medlemmene i onsdagsklubben, dukkar borgarkrigen opp i forteljinga. Fortrengte scenar frå livet i fangeleiren let seg ikkje lenger halde i sjakk hjå fru Wiik, som må finne ut kva ho skal gjere når fortida heilt uforvarande dundrar inn i det nye livet hennar.

Først heilt mot slutten får vi vite kven i klubben fru Wiik gjenkjenner. Inntil dess vil lesaren vurdere alle medlemmene med mistanke; det er fleire som kan passe inn i rolla som fangevaktaren frå uhyggelege, gamle dagar.

Skurr eller gromlyd?

Men denne spenningsdrivne episke motoren får ikkje overdøve lyden av alle stemmene frå notid og fortid som til saman teiknar eit breitt bilde av to tidsepokar der mykje står på spel, og ulike måtar å reagere på når katastrofen nærmar seg. Her er faste prinsipp og prinsipp i fri flyt, her er fatalisme, idealisme og kampvilje, her er luftige analysar og strenge fakta. Og midt oppe i det heile spelar private forhold inn. Kjærleikssorg gjer vondt også når krigen trugar.

Det er denne uvanleg fine koplinga mellom livet til eit knippe vanlege folk den store katastrofen som vi veit ligg rett framfor dei, det er denne samanvevinga som gjer romanen, meir enn gåta om kven som overgreip seg på fru Wiik i fangeleiren. Sagt på ein annan måte: gåta masar det heile unødig til. Likevel: støyen frå den episke spenningsmotoren er berre eit lite skurr for dei av oss som ikkje er så glade for «who done it»-knep. Alle dei andre vil nok kalle denne støyen for gromlyd.