Litteratur for desperados
Kvifor skulle ikkje vaksne menn kunne lesa dikt? - Poesi er berre for dei som ikkje kan halde det ut, seier lyrikaren Finn Øglænd.
Publisert 26.04.2001 17:49. Oppdatert 20.06.2001 15:32.
- Skriv ut

- Eg er veldig kritisk til poesi for vaksne menn. Poesien er ein leik, utan tyding. Men desse bagatellane, lommerusket, det som eg skriv om, det blir ein motvekt til det pompøse, seier Finn Øglænd, som ikkje utan vidare går med på at det er han sjølv som er desperat:
- Det er ikkje nødvendigvis meg sjølv eg skriv om - eit godt dikt er alltid større enn han eller ho som skriv det. Så det er ikkje eg som sit og skjelv - det er poeten sin desperasjon eg skildrar.
Kva er poesi?
"Poesi er for desperados" er tittelen på den 13. diktsamlinga til Finn Øglænd. Dette er dikt om det mannlege der desperasjonen ligg under. Slik byrjar titteldiktet i samlinga:
"Poesi er berre for dei som ikkje kan
halde det ut. Ikkje for nokon pris. Og endå kan du sjå nokre av
oss blide, smilande, endå spøkande, skrålande...."
- Det er umulig å seie kva poesien skal vere, det er enklare å seie kva han ikkje skal vere, seier Finn Øglænd, som opnar samlinga med ein liten poetikk.
- Poesien er ei slags forsking i språket, ein kritikk av språket. Poesien er min måte å tenkje på, det blir ein slags dagbok, eg snakkar med meg sjølv, og prøver å få fatt i essensen i livet. Eg har alltid lese mye poesi, og eg likar å skape rytme, lydar, kunst.

Kommandør Treholt & Ninjatroppen
Dødsmarkene. (...)
Anmeldelse: Skate 3
