11.02.2012

Barnebokpris til Fosse

Jon Fosse fekk fredag Kulturdepartementet sin skjønnlitteraturpremie for barneboka "Søster". I alt vart det delt ut sju prisar til barne- og ungdomsbokforfattarar og illustratørar i ulike sjangrar.

Av:
Tori Skrede

Statens bibliotektilsyns rådgivande utval for barne- og ungdomslitteratur har vore jury. Til arbeidet har dei dessutan hatt med seg to biletkunstnarar og to personar med spesialkompetanse på teikneseriar.

Poetisk og velkomponert frå Fosse

Jon Fosse si bok, "Søster", er ifølge juryen ei original og velkomponert bok. Forteljinga er enkel, men tek samstundes opp eksistensielle spørsmål. Forestillinga til barnet står i sentrum og blir ifølge juryen formidla på ein medrivande og truverdig måte. Språket er poetisk sjølv om det er enkelt og kvardagsleg.

Biletbokpremien gjekk til Hans Sande og Gry Moursund for biletboka "Arkimedes og brødskiva", og fagbokpremien gjekk til Anne Thelle Backer for boka: "Japan - solens opprinnelse".

Ragnfrid Trohaug fekk debutantpremienRagnfrid Trohaug fekk debutantpremien

Debutantpremien gjekk til Ragnfrid Trohaug og "Okkupert kjærleik". Juryen seier at Trohaug sin debutroman representerer ei fornying av ungdomslitteraturen.

Illustasjonspremien gjekk til Justyna Nyka si bok: "Hva skal du bli" som er skriven av Rune Tuverud, og omsetjarpremien til Kari Kemény for "Rødhette på Manhattan" som er skriven av Carmen Martin Gaite.

Teikneseriepremien var tildelt InkaLill (Røsberg) for "Tidens trapp", som er det sjuande bandet i eventyrserien "Ridderne av Dor". Ifølge juryen avsluttar dette bandet serien på ein overtydande og uventa måte.

Se også