11.02.2012
Kommentar:

Frå helvete til himmel med Fosse

Si namnet Jon Fosse, og dei fleste vil tenkje suksess. Han vert rekna for den største samtids-dramatikaren i Europa, han har fått prisar i inn- og utland. Men ikkje alle lar seg fascinere av Fosse sin manande, kvernande stil. Ragnfrid Trohaug kjempa seg gjennom atskillige verk før himmelen åpna seg med romanen "Morgon og kveld":

"Ei uro er komen over meg, eg veit ikkje kva det er". - Det er heftig! Hør på dette, ei glimrande opning, sa ein kompis av meg ein gong, og las høgt vidare nedover sida. Eg var ung, ny og kunne meir om britisk samtidslitteratur enn norsk, lata som ingenting, men forstod at her hadde eg eit arbeid å gjere: Han var visst stor han der Fosse. Alle som hadde peiling og tyngde nikka djupt når namnet blei nemnt. Så eg tok "Naustet" ut av bibliotekshylla og sat ned. Var spent, tenkte at no skal eg dykke ned i det store norske nye, skal bli en Insider.

Gjentakingar

Det begynte bra. Det var noko med det manande språket, orda som hamra om og om igjen, setningane som kom, forsvann og elegant dukka opp igjen. Eg sat for meg sjølv og las høgt slik eg alltid gjer med setningar som fortener å komme ut som lyd i rommet, laga meg bilde av huset, fjorden, båten og naustet; om og om igjen gjekk det gjennom hovudet og munnen. Det var platespelaren, samfunnshuset, den gamle kompisen, kompisen, platespelaren, samfunnshuset, samfunnshuset, platespelaren, kompisen, om og om igjen, og eg tenkte: - Hold opp! Hold opp! Nu e det nok, hør du det, I’ve got the point, det rækk nu! Men han hørte ikkje. Kverna vidare og det gjekk dårleg. Eg lukka boka halvvegs. Skjønte at det her er bra saker, men no held det. Tenkte eg måtte trene, øve meg litt på Fosse i små porsjonar, så eg gjekk over til dramatikken.

Frå helvete...

Las "Nokon kjem til å kome", "Namnet", og kjente at dette var vakkert og rart og skummelt og fint; dette kunne eg like. Det stillferdige og samtidig insisterande språket, den stakkarslege kommunikasjonen mellom karakterane som likevel sa alt. Eg var på gli, kjente meg klar til å ta fatt på større oppgåver. Ein snekker eg kjenner drog ut telefonkabelen i to dagar, mens han las Melancholia I & II, og eg tenkte at då skulle eg også klare desse bøkene. Igjen begynte det bra: - For ein genial idè, tenkte eg, tenk å kome på å skrive om kva som gjekk føre seg oppi hovudet på Lars Hertevig då han vandra der nede i Tyskland. Det var musikk og rytme og driv, side opp og ned. Så sa det stopp. Musikken stoppa ikkje, nei det var nettopp det, det gikk om og om igjen: "Eg er Lars Hertevig, frå Hertarvågen, Hertevig frå Hertarvågen, Noreg, det er meg, Lars, frå Hertarvika" osv. osv. Eg blei så forbanna, så eitrande frustrert at eg kasta boka i veggen. - Æ blir helt koko av Fosse, tenkte eg. Det var som å bli kasta lukt inn i helvete. Tru korleis Fosse sjølv har det når han sit der og skriv det samme om og om igjen, gjer bøkene sine til eit mantra med små variasjonar.

...til himmel

- Det må vær et mareritt å vær Fosse, mumla eg for meg sjølv. Tenk å bu oppi den manande gjørma bøkene hans er. Så hadde eg ein lang kvilepause, lang nok til nesten å gløyme frustrasjonen over å aldri ha klart å lese ein heil Fosseroman. Gjekk i bokhandelen og fann "Morgon og kveld"; strauk over den og forsikra meg om at den var så tynn og fin som den ga seg ut for, betalte og fikk julepapir på og lapp som eg skreiv: "til Ragnfrid, frå Ragnfrid" på.

Eg blei forelska: i ideen, orda og han Johannes som ikkje skjønna at i dag blir han henta over til andre sida. Styx var blitt til ein namnlaus fjord på Vestlandet, det var fortid og notid og daude og levande i ei så vakker og vâr blanding at ein berre kan gråte. Johannes som brakk seg kvar morgon i det han stod opp, måten han kveikte røyken på, dei daglege rutinane som blir repetert om og om igjen, men denne gangen gjer det meg ingenting; eg vil ha meir, høre meir om brødfjøla, kaffien, båten og havet som avvise han, og naboen Peter som sa at no var tida komen. Språket va så einsamt og elegant at eg måtte gråte.

Eg kjente ein flik av himmelen der eg sat i lag med han Johannes.

Ragnfrid Trohaug

Ordfront, NRK P2, 18. april 2001

Lenker