I den andre enden av skalaen
I den eine enden av skalaen finst dei store forlaga, som i kampen for å bli større enn dei andre stadig legg nytt land under seg. I den andre enden av skalaen finst ein heilt annan logikk, ta for eksempel E.G.T. forlag, etablert i 1987 av Roald Wold Karlsen.
Publisert 17.01.2001 16:24.
- Skriv ut
E.G.T. har gjeve ut åtte bøker, alle av den same Karlsen, som altså har valt å gje ut bøkene sine sjølv der han bur i Finnmark, og ikkje involvere heile det store apparatet som eit forlag er.
Karlsens og E.G.T.s nyaste utgiving heiter "Hvor drar de hen, alle disse flyene?" og er ei novellesamling der reiser er den lause, raude tråden mellom historiene, utan at det er ei reisebok av den grunn. Det handlar heller om møte mellom folk frå ulike kulturar og kva det kan føre med seg, anten det no er mellom samar og nordmenn, eller mellom turistar og fastbuande lenger sør i verda.
Sans for det drastiske
Karlsen er samisk, skriv bøkene sine på norsk, og er klart påverka av latin-amerikansk prosa.
Han sveipar gjerne over eitpar verdsdelar og innom det hinsidige før han set punktum, og leverer barske historier med overraskande sluttpoeng. Dette er litteratur for den som har sans for det drastiske.
Karlsen er først og fremst romanforfattar, og den verkeleg store romanen hans heiter "Biera Mahtte Bitis retrett" og kom i 1993. Men det er vel verdt å følgje med på det Karlsen kjem med,- også novellene.
Meir i Boktilsynet onsdag kl. 16.10 og søndag kl, 9.30

Fatter'n (4)
Srebrenica
Anmeldelse: Command & Conquer 4
