Alarm
Margit Sandemo er ikkje som andre 80-åringar. Ho feirer dagen med å lansera ein ny bokserie, Blålys. Marta Norheim har lese første bok i serien - "Alarm".
Publisert 19.04.2004 11:38. Oppdatert 20.04.2004 11:27.
- Skriv ut

Margit Sandemo,
Alarm,
første bok i serien "BLÅLYS"
Bladkompaniet 2004
Mystikk, kjærleik, hat og overnaturlege fenomen har vore faste ingrediensar i seriane til Margit Sandemo, og handlinga har for det meste vore lagt til ei fjern fortid. Dermed har ho fått mykje gratis; det ligg no eingong eit mystisk skjer over riddarar og heksemeisterar som ikkje kan døy.
Steget inn i samtida
Margit Sandemo feirer 80 år med den nye bokserien Blålys.Med Blålys tek ho steget inn i samtida, og til eit avgrensa miljø, nemleg ein akutt medisinsk kommunikasjonssentral. Dermed nærmar ho seg fjernsynets såpeseriar, som også gjerne har eit samtidig arbeidsmiljø som utgangspunkt, anten det no er eit advokatkontor, ein polititasjon, eller som her ein sentral for ambulansekøyrarar. Fordelen med ein slik setting er naturlegvis at det er lett å skape dramatikk av ulukker og utrykkingar, og teamet må ut på vegen når ein skilt mann kidnappar sonen sin og rømmer til skogs med våpen i hand, eller når bilar frontkolliderer ved forbikøyringar.
Mystikken og magien borte
Ulempa med den nye serien er at Sandemo har gjeve avkall på ingrediensane i den knallsterke blandinga ho har brygga tidlegare seriar av, og som har gjort henne til den største. Her er mystikken og magien borte. Borte er også den geniale dramaturgien, der spenninga byggjer seg opp i løpet av boka før den endar med ein skikkeleg cliffhanger på siste side, slik at lesarane tel veker og dagar til neste bok er i handelen, denne dramaturgien er bytta ut med ein lausare episodisk stil der utrykkingane kjem på rekkje og rad som enkeltståande episodar. Dessutan er det ingen sterke kjærleikspar her, på realistisk vis går personane rundt og nøler og tvilar på om dei skal satse på den eine eller den andre eller om dei kanskje likegodt skal leve aleine.
Eindimensjonalt
Dermed blir dei svake sidene ved Sandemos forfattarskap tydeleg. For når all dramatikken skal vere realistisk og ikkje eingong byggje seg opp mot eit klimaks, og når personane på ingen måte er større enn livet, då blir det stilt visse krav til språket og til personteikninga. Vi kan godt leve med ein eindimensjonal riddar, men ikkje med ein eindimensjonal ambulansekøyrar. Vi kan godt tole at språket er vekselvis tørt og oppstylta når heksemeistrar er i sving med nifse gjerningar, men ikkje når det er stakkars Lisa som lurer på om ho skal dra frå kjærasten.
Det er ikkje språket og personane som har gjort Sandemo stor, der blir ho glatt forbigått av andre serieforfattarar som May Grehte Lerum og Willy Ustad. Utan Sandemos heksebrygg blir forteljinga snusfornuftig og grå.
Sorry, Sandemo, men du er ingen realistisk forfattar!
Anmeldt av Marta Norheim
Kulturnytt, NRK P2, 19. april 2004

Kommandør Treholt & Ninjatroppen
Dødsmarkene. (...)
Anmeldelse: Skate 3
