11.02.2012

17.15 til Tønsberg

For to år sidan kom Vigdis Hjorth med ein utagerande kjærleiksroman. I år er ho tilbake med ei lågmælt bok om sorg og tap, meiner Marta Norheim.

Vigdis Hjorth

17.15 til Tønsberg

Cappelen 2003

Av Marta Norheim

Kjærleikssorg er ein trist tilstand. Både for dei som opplever den, sjølvsagt, men også for dei som står den sørgjande nær og som må høyre om att og om att lange utleggingar om kva som har skjedd, korleis ting kunne ha vore, om dei dårlege sidene ved eksen og innimellom kanskje også om dei gode. Det er eit slit.

Eit nullpunkt utanfor tida

 17.15 til Tønsberg er ein vakker roman, meiner Marta Norheim (Foto: Cappelen) 17.15 til Tønsberg er ein vakker roman, meiner Marta Norheim (Foto: Cappelen)

Det er mange teikn som tyder på at sorga som har ramma hovudpersonen i "17.15 til Tønsberg" er sorga etter at eit kjærleiksforhold er over. Men til alt hell blir lesaren spart for repetisjonar av tragedien. Den namnlause hovudpersonen lever, eller kanskje rettare eksisterer, i eit her og no, på eit nullpunkt utanfor tida.

På dette nullpunktet ser ho seg rundt som i det berømte diktet av Sigbjørn Obstfelder, det er eit framandt blikk på alle dei vanlege tinga, eit blikk frå ei som nyleg har blitt dumpa på denne kloden. Litt etter litt venner blikket og kroppen seg til livet etter katastrofen: Maten får smak igjen, det gjer godt å snakke med andre folk, ho registrerer med glede sol og snø.

Vakker roman

Vigdis Hjorth har litterær sjølvtillit nok til å våge å satse på at den lågmælte, konkrete og på alle måtar usensasjonelle stilen kan bere romanen. Og det gjer den.

Det har blitt ein vakker roman, der eit kresent utval av bipersonar er med på å understreke tematikken; eit homofilt par som adopterer henne utan fiksfakserier når ho treng det, ei anorektisk jente og ein bussjåfør som døyr på mystisk vis, dei viser kvar på sin måte at livet er verdt å leve trass alt.

Trist, men glad

Vakker er også tidstematikken som blir slått an allereie med den nøkterne tittelen "17.15 til Tønsberg" og med bildet av ei klokke utan visarar på smussomslaget. Inne i teksten blir tida eit bilde på tilstanden; den går for sakte, eller den hjelper gjennom sorga, og i slutten av boka ber den løfte om ein famlande ny start når klokka slår 12 på nyttårsaftan.

Visst er dette ein trist roman, men av den typen ein vert glad av å lese.

Kulturnytt, NRK P2, måndag 10. november 2003

Se også

Lenker