11.02.2012
Møt Jon Fosse i Poesi-tid:

Eg høyrer mørkret gjennom regnet

"Auge i vind"

"Auge i vind" er tittelen på Jon Fosses nye diktsamling. Og debutsamlinga hans frå 1986 hadde tittelen "Engel med vatn i augene". Men det er ikkje synssansen som er den viktigaste for poeten Fosse. - For å dikte, må du lytte, bruke din indre hørsel,fortel han i Poesi-tid.

Av:
Harald Overå

Det går ein engel gjennom scenen

Dette uttrykket stammar visstnok frå ungarsk teater. Og det viser til augneblinkane då det magiske skjer. Og det er desse augneblinkane som er målet for skrivinga fortel Jon Fosse.

Både i dramatikken og i poesien er det dette han leitar etter. Og når skodespelaren eller diktopplesaren klarer å lyfte orda inn i desse augneblinkane då:

"opnar engelens venger seg

og breier seg rundt dei

Og då er det sagt"

(Frå diktet "Noko om skodespelaren")

Miles og Bach

Eg høyrer sugande blåtonar frå hornet til Miles Davis når eg les desse dikta. Og eg kjenner eit rytmisk driv frå fader Bach med ørsmå harmoniske endringar frå strofe til strofe. Jon Fosse er musikk:

"Det er ikkje så lenge sidan

berre nokre dagar

kanskje nokre år

nokre veker

Det skjedde nett

Det var der

så var det borte

Det kom

forsvann

var der

blei borte

som ei svaiande rørsle

inn der ein kan sjå

og forlate

og bli verande

utan at noko

blir forandra"

Dikta må kome

- Eg skriv ikkje dikt, seier Jon Fosse. - Det er dramatikk eg skriv. Dikta er meir for rekved å rekne. Enten finn du dei, eller så er dei der ikkje.

Men plukkar du opp eit slikt "rekved-dikt", der det ligg og duppar i fjøresteinane utanfor Strandebarm, ser du fort at årringane går lenger attende enn til lyrikkdebuten i 1986. Og held du det opp mot øyret, kan du høyre svak salmesong frå eit kvitt lite hus oppe i bakken.

"Og så står bestemor mi

der i tunet

Ho seier at ho må legge pengane frå utloddinga

i skrinet sitt

der i skåpet

etterpå må ho og eg gå i floren

sauene må fôrast

og eg skal hjelpe henne

ta silofôr ut or siloen Sov

de mine kjære

Og ver du ein god Gud.

(Utdrag frå diktet "Sov de mine kjære")

Poesi-tid

Måndag 7/4-03 kl 1930

(reprise sundag 13/4 kl 0703)

"Eg høyrer mørkret gjennom regnet"

Lise Fjeldstad les nye dikt av Jon Fosse.

Se også