- Ultima stal lyddusj

Kunstnaren Anna Karin Rynander meiner at lyddusjane på Oslo S er rein tjuvkopiering av Gardermoen-dusjane hennar. Formannen i Norske Billedkunstnere er samd, og trur dette kan vera ei alvorleg sak.
Publisert 07.10.2002 13:07. Oppdatert 07.10.2002 13:36.
- Skriv ut
Då Gardermoen åpna for fire år sidan, laga Rynander 11 lyddusjar som ein lekk i utsmykkinga. Dei fekk mykje merksemd, og i andre land. No er Rynander rasande, skriv Dagbladet.
Heng i taket
Lyddusjene, slik de henger på Oslo SentralstasjonLyddusjane er laga ved at ein parabol heng ned frå taket. På golvet under er det teikna ein sirkel. Når folk går inn i sirkelen, vert lydane aktive. Rynander meiner at lydskulpturane som no vert presenterte på Oslo S liknar altfor mykje på hennar eigne.
- Dei har ikkje spurt meg. Dei har rett og slett stole og kopiert kunstverket mitt. No er eg forbanna - og opprørt, seier ho.
Rynander er og sjokkert over at NSB meinte dei kunne selja ideen vidare.
- Eg kontakta BONO og den kunstnariske juryen ved flyplassen. Dei meinte dette ville vera brot på kontrakten, seier Rynander.
Omfatta av åndsverklova
Kunstnaren Arne Nøst, som er leiar i Norske Billedkunstnere, meiner dette kan vera ei alvorleg sak.
- Dette er farleg nær, kanskje for nært. Det verkar som dette kan vera ei så lik samanstilling av element at det vert omfatta av åndsverklova, sier Nøst til Dagbladet.
Ikkje einerett
Installasjonen er eit samarbeid mellom Ultima, Norsk kulturråd, NOTAM og NRK. Men kultursjefen i NRK, Turid Birkeland, ser ikkje på dette som kunsttjuveri.
- Eg kan ikkje skjøne at nokon kan meine at dei har einerett på teknologien lyddusj. Det er jo innhaldet som bestemmer om dette er plagiat eller ikkje, meiner Birkeland.
Dagbladet/Tori Skrede
mandag 7. oktober 2002

Kommandør Treholt & Ninjatroppen
Dødsmarkene. (...)
Anmeldelse: Skate 3
