13.03.2010
Poesi-tid 6.mai

"Til ord skal du bli"

Det er ei diktsamling frå 1973 som er tema for Poesitid-sendinga denne veka. Tre år etter debuten i 1970 ga Åse-Marie Nesse ut samlinga "Til ord skal du bli".

Boka opnar med desse orda:

Diktet lever sitt korte liv

lyset vonar

går under

står opp frå dei døde

(kanskje)

ved tredje blikk

sit i ei open hand

og kjem alltid att

til dei levande.

Og så fylgjer ei diktrekke der ho samtalar med forfattarar frå Homer til Pablo Neruda.

"Ein song som venta på ekko"

I diktet "Sapfo", til oldtidas greske, kvinnelege diktar frå Lesbos, skriv Åse-Marie Nesse:

"Då månen slokna dansa du eine og stum under mandeltreet. Du, lysande stjerne sjølv. Ingen myte: menneskebarn. Eit punkt som søkte eit kontrapunkt i det nære. Ein song som venta på ekko".

Og det er det vi har gjort i Poesi-tid i dette programmet. Vi har laga ekko til Åse-Marie Nesse sine dikt. Og desse gjenlydane kjem i form av dikt skrive av dei ulike forfattarane ho har vendt seg til.

Tone Danielsen gir stemme til Åse-Marie Nesses diktTone Danielsen gir stemme til Åse-Marie Nesses dikt

I dette første programmet skal vi ved sidan av Sapfo møte Homer, Paul Celan, Gustaf Fröding og Pablo Neruda.

Dikta av Åse-Marie Nesse vert lese av Tone Danielsen. Og svara kjem frå ulike røyster som vi har henta frå NRK's programarkiv.

Poesi-tid

Måndag 6. mai, klokken 1930

(Reprise Søndag 13. mai, klokken 0703)