Nok ein pris til Hovland

Nynorsk litteraturpris for 2001 er tildelt Ragnar Hovland for boka "Ei vinterreise". Ragnar Hovland fekk prisen ved opninga av Norges Mållag sitt landsmøte.
Publisert 26.04.2002 15:09.
- Skriv ut
Hovland mottok kritikarprisen i marsRagnar Hovland har fått god omtale for boka "Ei vinterreise". I mars fekk han kritikarprisen for romanen, og tidlegare i år var han nominert til P2-lyttaranes romanpris.
Einsemd
«Sove kan ein gjere når ein ligg i grava og ikkje har anna å ta seg til», seier Lindemann, den sentrale personen i "Ei vinterreise". Han traskar aleine langs landevegen og er kald på føtene. Oppbrotet og steget ut på vegane er sjølve urscenen i Hovlands store forfattarskap. Her er det emissæren Lindemann som har mist trua og meininga med den bodskapen han har bore fram på vegane. Han vil ha ein ny start og ein annan slutt.
Parallelt med Lindemanns landevegseventyr byrjar ei dagbok. Han som skriv denne dagboka, har fått vita at han har kreft: «Dette er definitivt første dagen i resten av livet ditt,» skriv han nøkternt og tenkjer på dei gode tinga han no må gjera meir av i kvardagen.
Å vera på veg
"Ei vinterreise" er ein roman om å vera på veg, skriv Gunnar Foss, Sylvie Penne og Svein Erik Brodal i juryen:
"Personane har kvar si reise, men dei blir alle vikla inn i livsreisene til kvarandre. Trass i mørke og kulde langs vegane er det varme og von mellom menneska. Den nøkterne dagboka dannar eit verbalt kontrapunkt til den burleske og dramatiske bilreisa, og saman skaper desse to historiene den særeigne rytmiske flyten i denne romanen; dei flettar seg inn i kvarandre som ulike, men samanhøyrande meloditema i ein Bach-fuge.
Stilen er meisterleg avbalansert, svingande mellom morskap og melankoli. Juryen takkar Ragnar Hovland for ein kunstnarleg vellykka og merkeleg oppløftande roman, og det er med stor glede den gir "Ei vinterreise" Nynorsk litteraturpris for 2001."
Noregs mållag / Anne Cathrine Straume

Kommandør Treholt & Ninjatroppen
Dødsmarkene. (...)
Anmeldelse: Skate 3
