Loop

Gro Dahle er ein forfattar som ikkje sluttar å overraske. I boka "Loop" brukar ho ein presis naivitet som går nådelaust inn i det store og vanskelege, og språket får oss til å sjå forterpa tema med nye auge, meiner anmeldar Marta Norheim.
Publisert 28.11.2001 10:23.
- Skriv ut
Gro Dahle: "Loop"
Cappelen 2001
I opphavet var harmonien
I denne vesle boka skriv Gro Dahle om skapinga av mennesket. Eller rettare, om skapinga av eitt menneske, som vi følgjer frå vogge til vaksen alder.
"Og jeg var i midten, midt i alt. Og alt annet var rundt meg. Når jeg åpnet øynene, ble det lyst. Når jeg lukket øynene, ble det natt. For jeg var verden. Og når jeg reiste meg, ble bakken stødig under føttene mine."
I opphavet herska altså harmonien:
"Jeg så rundt meg. Jeg så at det var lyst. Og jeg så at det var godt."
Smertefull sosialisering
Seinare blir det verre. Seinare kjem den smertefulle sosialiseringa, og kravet om å underkaste seg språket og kunnskapen. Alt det som finst der før det enkelte mennesket startar si livsbane. Det blir verre, men mennesket blir ikkje kasta ut av paradis etter eit syndefall. Det blir kasta inn i verda utan skuld, men det blir skuldig når det ikkje greier å tilpasse seg.
"Ikke snakk for høyt. Ikke rull med øynene. Ikke pust høyt eller stønn. Ikke lag andre lyder enn snakkelyder. Ikke plystre på butikken. Ikke synge langs veien."
Presis naivitet
Gro Dahle skreiv naivt lenge før det vart snakk om ei naiv bølgje i norsk litteratur. Og her er har vi med ein type naivitet å gjere som ikkje er infantil eller pratsom eller uskuldig. Dahles naivitet er presis, den går nådelaust rett inn i det store og vanskelege. Og viser det fram i eit språk som ved å verke framandt får oss til å sjå gamle, ja, forterpa tema med nye auge.
Nytt paradis med slangar
Boka endar med at hovudpersonen erobrar eit nytt paradis gjennom kjærleiken til eit anna menneske, men i dette paradiset må ein lære seg å leve med slangar. Dermed er sirkelen slutta, loopen er gjennomført, men gjennom loopen har hovudpersonen gjort erfaringar som kan vere gode å ha i neste runde.
Med den vesle boka "Loop" har Gro Dahle skrive seg inn i ei av dei store grunnhistoriene i vår kultur, på ein forbløffande og original måte.
Av Marta Norheim
Kulturnytt, NRK P2,

Kommandør Treholt & Ninjatroppen
Dødsmarkene. (...)
Anmeldelse: Skate 3
