11.02.2012
Mirjam Kristensen:

De som er ute i regnværet

Forfattaren Mirjam Kristensen viser med bok nummer to at debutboka ikkje berre var eit lykketreff.

Mirjam Kristensen

De som er ute i regnværet

Tiden 2001

I fjor handla det om ei jente i seksårsalderen som mista bror sin fordi dei vaksne ikkje passa godt nok på. I år er det også ei jente på seks år som spelar hovudrolla, men tragediene er på eit litt anna nivå:

”Malene er en liten jente helt alene. Malene står og tisser utenfor garasjene der alle sammen er, alle kan se det, alle kan se at Malene tisser i buksa. Og hun står der og tisser, og det er varmt, og så blir det kaldt, og Malene er et annet sted.”

Manar fram barndommen

Malene er ei heilt vanleg jente som har mor og far og søster og besteforeldre å dra på besøk til og nabo med akvarium. Å greie å lage ein roman som det svingar av utfrå eit slikt materiale er godt gjort, ikkje minst i ei tid då mange forfattarar er rause med dei dramatiske verkemidla. Men dette har altså Kristensen greidd.

Ho manar fram barndommen slik at alle som har vore barn kjenner seg igjen: I kampen for at småsøsken ikkje skal stele heile showet i heimen, i angsten for skumle menn og store gutar i gata, i sorgen over døde dyr. Malene har ei stor sorg til, men den må lesaren finne ut av sjøl, for det finst gåter her som først blir avslørt i slutten av romanen.

Eit liv nær bakken

Mirjam Kristensen, då ho fekk Tarjei Vesaas' debutantpris i fjor.Mirjam Kristensen, då ho fekk Tarjei Vesaas' debutantpris i fjor.

Kristensen fortel historia med ein seksårings innsikt, raseri og sære logikk. Språket går sløyfer og repetisjonar som hjå ein Jon Fosse, og hypnotiserer nesten lesaren tilbake til svært ung alder.

Til eit liv nær bakken, til eit liv der ein er prisgitt andre på godt og vondt innanfor ein svært liten radius: huset, sandkassa, skogen. Til eit liv der løgn og fantasi og realitetar glir over i kvarandre. ”De som er ute i regnværet” er ei klok og vakker bok som burde bli obligatorisk for alle som har seksåringar i nærleiken.

Marta Norheim

Kulturnytt, NRK P2, 10. september 2001

Lyd og video