God, men keisam

Kan ein roman vere både keisam og vellukka? Kritikarane balanserte i alle fall mellom desse to karakteristikkane i møte med romanen "tilfeldigvis begjær" av Anne Oterholm.
Publisert 25.05.2001 11:55. Oppdatert 25.05.2001 12:47.
- Skriv ut
Romanen handlar om ei dame som har lett for å kjede seg, som let ferien gli forbi seg og som fører lange samtalar med venninnene som har prosjekt av typen "skaffe seg mann" eller "skaffe seg barn", og som elles grillar og les vekeblad i sola.
Samde kritikarar
"På ett vis er dette en særdeles vellykket tekst, gjennomført med en imponerende stilistisk konsekvens" skriv Øystein Rottem i Dagbladet, men legg til: "Romanen framstår som et langt gjesp".
Turid Larsen i Dagsavisen er også imponert, og kallar romanen "raffinert, men kjedelig".
Og i Kulturnytt hevdar Anne Cathine Straume at Oterholm er dyktig, men at romanen verkar overflatisk. I Boktilsynet diskuterer Straume kva det er som gjer at boka får slike - i alle fall tilsynelatande - motstridande karakteristikkar.

Kommandør Treholt & Ninjatroppen
Dødsmarkene. (...)
Anmeldelse: Skate 3
