Hopp til innhold

Få vinnerutkast vert bygd

Berre halvparten av arkitektkonkurransane i Noreg dei siste 15 åra har ført til bygging. – Sløseri med offentlege ressursar, meiner økonomiprofessor.

Forum Artis

«Forum Artis» er førebels den tredje vinnaren av ei arkitektkonkurranse om eit nytt nasjonalmuseum i Oslo.

Foto: DiizGroup/Statsbygg

Arkitektane meiner dei vert utnytta og fleire har tapt store pengar på konkurransane.

– Når vi ser korleis vi slit i dag for å få hjula til å gå rundt, så er det ganske bittert at det ligg ti-tolv prosjekt på vent som ikkje kjem i gang, seier arkitekt Stein Halvorsen.

Inga oversikt

Sidan 1997 har arkitektkontoret til Stein Halvorsen vunne 32 små og store arkitektkonkurransar rundt om i Noreg. Heile 12 av desse har enno ikkje resultert i bygging.

– Det er klart at det gjer noko med motivasjonen, at ein er redd for å starte på neste konkurranse viss det ikkje er heilt klart at pengane og viljen til å byggje huset finst.

Det finst inga komplett oversikt over utlyste arkitektkonkurransar. Men ei oversikt NRK har utarbeidd for perioden 1996-2008 syner at berre litt over halvparten av vinnarprosjekta i arkitektkonkurransane har vorte realiserte, eller kome så langt at reguleringsplanane er vedtekne.

Feil premissar

Kjersti Nerseth

Kjersti Nerseth er president i Norske arkitekters landsforbund.

Foto: Jan M. Lilleb¯ / Jan M. Lilleb¯

Halvorsen får støtte frå arkitektkontora NRK har vore i kontakt med. President i Norske arkitekters landsforbund, Kjersti Nerseth, ser særleg to problem ved at så mange konkurransar hamnar ute i det blå og ikkje vert realisert.

– Det eine er at vi bruker av fellesskapets middel for å arrangere ein arkitektkonkurranse til inga nytte. Og at vi i verste fall må arrangere ein ny konkurranse. Det andre er at ein bruker tida til deltakarane. Dei går inn i konkurransen på feil premissar, og må bere tapet av at det ikkje vert noko av bygget på eiga kappe.

Det er i hovudsak kommunar, Statens vegvesen, fylkesinstitusjonar og Statsbygg som utlyser og arrangerer arkitektkonkurransar i Noreg. Dermed vert altså store offentlege middel brukt på konkurransar som anten er lagt på is, eller vert utsett.

Ofte er grunnen at prosjekta ikkje er forankra politisk før konkurransane vert sett i gong.

Mange uavklarte prosjekt

Til dømes er det ikkje avgjort på førehand kvar E6 skal leggast i Grane på Helgelandskysten, i Lørenskog er markagrensa ei hindring og på Jølster sette riksantikvaren foten ned for eit nytt Astrup-museum.

– Ein burde ha avklart premissa mykje betre i forkant. Ein burde ha avklart både dei økonomiske føresetnadene og dei politiske premissane, sa president i Norske arkitekters landsforbund, Kjersti Nerseth.

For 12 år sidan teikna kontoret til Halvorsen vinnarutkastet av Veksthuset i Botanisk hage i Oslo. Fyrst no er prosjekt i gang igjen, utan at det dermed går automatikk i at det blir realisert.

Stein Halvorsen anslår eit stort tap på vinnarprosjekt som aldri blir realisert.

– Det er ganske mange hundre tusen, 600-700.000 som fell ut. Konkurranse tek også tid frå kontoret, frå andre prosjekt.

Vinnerutkastet til Botanisk Haves nye utstillingsveksthus

Stein Halvorsen i midten med vinnerutkastet til det nye utstillingsveksthuset til Botanisk Have «Oase 60grader nord». Til venstre arkitekt Magnus Rynning Tønnesen og Lucy Smith til høgre.

Foto: Richardsen, Tor / Scanpix

– Openbert sløseri

– Dette verkar å vere eit så stort omfang at det er eit samfunnsøkonomisk problem, men kor stort det er tør eg ikkje talfeste, seier Dag Morten Dalen, professor i samfunnsøkonomi ved Handelshøgskolen BI.

Han meiner det er openbert sløseri når oppdragsgivarar set i verk konkurransar som arkitektar bruker betydelege ressursar på, utan at dei verte realiserte.

– Det er uttrykk for svak planlegging hos dei som sett i gang konkurransane utan at dei har teke ei endeleg avgjerd om gjennomføre desse prosjekta.

Dalen trur ikkje det vert arkitektane, men oppdragsgivarane og dei som bruker offentlege bygg og anleg som vil ende opp som svarteper i denne samanhengen. For som han seier, dersom vinsten på å vinne arkitekturkonkurransane går ned, trur han at det vil føre til at arkitektkontora vil svare med å redusere ressursbruken på konkurransane.

– Dersom dei bruker færre ressursar på konkurransar, er det grunn til å tru at det dei skapar i desse konkurransane vert dårlegare.

Kulturstrøm

  • Nynorsk litteraturpris til Edvard Hoem

    Edvard Hoem er tildelt Nynorsk litteraturpris 2023 for boka Husjomfru.

    Prisen er på 50 000 kroner og blir tildelt på landsmøtet til Noregs Mållag i helga.

    Litteraturprisen er blitt delt ut sidan 1982, og saman med mållaget er det Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret som står bak prisen.

    Husjomfru av Edvard Hoem
  • Tre norske er nominert til Nordisk Råds barn- og ungdomslitteraturpris

    Grøssaren «Udyr» av Ingvild Bjerkeland og høgtlesingsboka «Oskar og eg» av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens nominert frå Noreg.

    I tillegg er Saia Stueng frå Karasjok nominert for ungdomsromanen «Hamburgerprinseassa – Eallá dušše oktii» i kategorien for det samiske språkområdet.

    Totalt 14 nordiske biletebøker, barnebøker og ungdomsromanar nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024.

    Fleire av dei nominerte tek for seg eksistensielle spørsmål om livet og døden. Eit anna tema som går att er menneska sin relasjon til naturen.

    Vinnaren vert offentleggjort 22. oktober.

    Montasje forfatterportrett Maria Parr og coveret til barneboka Oskar og eg
    Foto: Samlaget/Jula Marie Nagelstad
  • Tungtvann feirer 25-årsjubileum i Operaen

    I år er det 25 år siden Tungtvann slapp sin første EP «Reinspikka Hip Hop».

    Det feirer de med å opptre på Operaen i Oslo.

    15. september blir det nemlig nordnorsk rap på menyen i hovedstadens storstue. Kringkastingsorkestret (KORK) blir også med på feiringen.

    I tillegg er hiphop-profiler som Petter, Jaa9 & OnklP, Lars Vaular, Oscar Blesson, Tyr, Grim Pil og Rambow invitert til jubileet.

    – Med den line-upen vi har så lurer jeg på om operaen er stor nok til å huse oss, sier Jørgen Nordeng i en pressemelding.

    – Sånn rent publikumsmessig, understreker han.

    Nordnorske Tungtvann er regnet for å være de første til å lykkes med rap på norsk.

    – Da vi begynte var det for å bevise at det gikk an. Vi følte at det meste vi hadde hørt av norsk rap ikke hørtes ut som hiphop, sier Nordeng.

    Arrangementet er i regi av Bodø2024.

    – Grunnen til at vi ønsker å gjøre det i Oslo, som den eneste produksjonen vi gjennomfører der, er at dette fenomenet funker på norsk takket være nordlendinger. Da gir det mening å ta det til hovedstaden, forteller programsjef Henrik Sand Dagfinrud

    Tungtvann opptrer på operaen 15. september
    Foto: Tarjei Krogh