Hopp til innhold

Får ikkje tak i prisvinnaren

Den fengsla eritreiske forfattaren Dawit Isak får ytringsfridomspris. Men prisutdelarane veit ikkje korleis dei skal kome i kontakt med prisvinnaren.

Video nsps_upload_2010_3_2_18_10_23_2694.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Journalist og forfattar Dawit Isak har dei ni siste åra sete fengsla i heimlandet Eritrea utan lov og dom. Årsaka er at han har kome med kritiske ytringar til president Isais Afeweriks regime.

Anne Oterholm

Anne Oterholm vil med prisen setje fokus på ytringsfridom i Eritrea.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

No får Dawit Isak ytringsfridomsprisen til Den norske Forfatterforeningen. Prisen er på 100.000 kroner og skal delast ut 14. mars.

- Vi ynskjer eigentleg at verda ikkje skal gløyme han. At vår del av verda må halde fram med å sjå han, seier Anne Oterholm, leiar i Den norske Forfatterforeningen.

På 1980-talet flykta Dawit Isak til Sverige, der familien hans framleis bur. Sjølv vende han tilbake til heimlandet i etter sjølvstendet.

Verre enn Nord-Korea

Eritrea ligg heilt nedst på Reportere utan grenser si rangering for ytringsfridom, til og med under Nord-Korea.

Mangelen på ytringsfridom er nært knytt til president Isaias Afewerki, som leidde Eritrea til sjølvstende frå Etiopia i 1993. Frå 1998 til 2000 førte han ein grensekrig med Etiopia der 80.000 menneske vart drepne, men inngjekk til slutt våpenkvile. Denne pågåande grensetvisten, bruker no presidenten som ei unnskyldning til å utsetje folkerøysting om ei ny grunnlov.

Isaias Afewerki

President Isaias Afewerki har eit anstrengt forhold til menneskerettsgrupper.

Foto: STR / Scanpix/Reuters

Slik det er no har partiet til presidenten ingen motstandarar, og all kritikk mot regimet vert knebla. Det kjem rapportar om at opposisjonelle vert sperra inne i kontainarar og underjordiske fengsel.

Veit ikkje korleis det går

Korleis Den norske Forfatterforeningen skal få formidla til Dawit Isak at han har fått Ytringsfrihetsprisen 2009, veit dei enno ikkje.

- Han har vore kritisk til regimet i Eritrea, og det er det han har fått betale for, og er fengsla for. Vi veit ikkje korleis det går med han no, vi veit ikkje korleis helsetilstanden er. Men vi veit at han har vore ute av fengselet eit par gongar, og innlagt på sjukehus. Vi reknar med at det ikkje står så bra til med han, seier Oterholm.

Presidenten i Eritrea har så langt avvist all internasjonal kritikk mot fengslinga av Dawit Isak.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober