Hopp til innhold

Mørketal for sextrakassering

Ein av to kvinnelege skodespelarar i Sverige vert sextrakasserte. — Urovekkjande tal, seier leiaren for Norsk Skuespillerforbund.

Agnete Haaland

Leiar i Norsk Skuespillerforbund, Agnete Haaland er uroa over tala frå Sverige.

Foto: Stian Lysberg Solum / Scanpix

Ei undersøking Sveriges Radio har gjennomført i Sverige, syner at ein av to kvinnelege skodespelarar har vorte seksuelt trakasserte. Av dei som har opplevd slik trakassering opplyser halvparten av det er ein overordna eller sjef som har stått bak.

— Eg synest dette er heilt oppskakande tal. Det er slik at eg lurer på om det kan vere sant. For det er ei så graverande røynd som vert skildra her. Dette er noko vi ikkje kan vere ved i 2010. Dette tyder på at vi også i Noreg har grusame mørketal, seier Haaland.

Ifølgje Haaland er nemleg jobbmarknaden og forholda i Noreg og Sverige ganske samanliknbare. Ho synest likevel det er vanskeleg å seie kor stort omfanget er i Noreg, fordi ein ikkje har ei tilsvarande undersøking.

Maktmisbruk

I eit prestasjonsyrke, som skodespelar, der ein går frå jobb til jobb er ein kanskje meir utsett for denne type trakassering, meiner Haaland. Fordi ein har lyst å jobbe, er ein kanskje villige til å strekkje seg kanskje ekstra langt, og dermed lett kan vert utnytta av produsentar, teatersjefar og folk som driv med casting, trur ho.

— Men ingen skal strekkje seg så langt at dei aksepterer å verte trakassert seksuelt. Ein skal aldri måtte gå på akkord med seg sjølv for å få ein jobb, seier Agnete Haaland.

— Dette er graverande, det vitnar om grov maktmisbruk frå leiarar og menneske med makt. Dersom desse tala også tilsvarer røynda i Noreg har vi ei stor oppgåve framfor oss, seier Haaland.

Få rapporterte tilfelle

At Norsk Skuespillerforbund får inn saker, vitnar om at slikt også skjer i Noreg. Men ifølgje forbundet er det snakk om ei enkeltsak frå tid til anna. Dei innrapporterte sakene dreier seg om ulike former for trakassering, som forsøk på å få nokon til sengs, og bruk av hersketeknikkar.

Her i Noreg er rapportane om personar som har makt til å gje deg jobb, eller til å vrake deg, til å gje deg ei lita rolle eller ei stor rolle, seier Haaland.

Norsk Skuespillerforbund har ikkje så langt fått rapportar frå menn som kjenner seg seksuelt trakassert, men Haaland reknar med at det er mørketal også her.

Kari Simonsen

Skodespelar Kari Simonsen tykkjer det er vanskeleg å definere kva som er seksuell trakassering.

Foto: Lise Åserud / Scanpix

Terskelen for å ta opp denne typen saker kan vere for er høg, fryktar Haaland.

— Vi vil no sjå nærare på undersøkinga i Sverige. Dersom noko skulle tilseie at det er liknande tal i Noreg, vil vi gjere ei liknande undersøking, seier Haaland.

Vanskeleg definisjon

Skodespelar Kari Simonsen har vore i bransjen lenge. Ho synest det er vanskeleg å trekkje noka klar grense mellom kva som er uskyldig flørting mellom til dømes skodespelar og instruktør, og kva som er uønska merksemd og seksuell trakassering.

— Eg er skuffa, for eg har ikkje vore noko særleg seksuelt trakassert. At nokon synest du er søt og sexy, eller seier at puppane dine var fine i dag, er det ikkje akkurat seksuell trakassering, seier skodespelar Kari Simonsen.

Ho seier at ho sjølvsagt at ho har opplevd tilnærmingar ho ikkje har vore interessert i, men då har ho berre gjeve klar beskjed om at ho ikkje likte det.

Ein litt meir alvorleg situasjon, kjenner likevel Kari Simonsen til. Ein kollega som i 1958-59 hadde fått ei stor rolle, fekk beskjed om at dersom ho ikkje hadde eit forhold til intruktøren ville han ta frå henne rolla.

— Men då vart ho fly forbanna og sa at ho ville gå rett til Dagbladet med det. Og då vart det slutt på det, og ho beheldt rolla, fortel Kari Simonsen.

Liggje seg til roller

Bransjen var nok meir oversiktleg før, ein visste kven som gjorde kva, trur Simonsen. Ho ser difor ikkje vekk frå at det kan vere meir seksuell trakassering no enn tidlegare.

Til tider kunne det vere spekulasjonar om at nokre hadde lege seg til store roller. Men dette kunne ein sjølvsagt ikkje vite sikkert, det kunne like gjerne vere at den skodespelaren faktisk fekk rolla fordi ho hadde størst talent, seier Simonsen.

— Sossen Krogh fortalde ein gong med stoltheit at ho hadde lege seg til ei rolle på kontoret til teatersjefen. Ein del vart ganske forbanna, for det var ikkje vanleg i det heile, hugsar Kari Simonsen.

— Utidig trakassering

Skodespelar Henriette Steenstrup spelte rolla, som Helen Stangeland, i TV 2-serien En god nummer to. Den mislykka rollekarakteren får ein siste sjanse til å vise kva ho duger til når hun hamnar i seng med ein teaterinstruktør.

Henriette Steenstrup i En god nr. 2

Henriette Steenstrup spelte ein skodespelar som låg seg til ei rolle i 'En god nummer to'.

Foto: NRK

Steenstrup meiner det er lågare terskel for seksuell trakassering blant skodespelarar enn andre stader, men trur at den tida då ein ligg seg til ein jobb er forbi.

— Serien En god nummer to bygde på mytar og klisjear. Men dei har ofte noko sant i seg, seier Steenstrup.

Fleire skodespelarar har opplevd å verte hersa med av kollegaer og instruktørar, fortel Steenstrup. Sjølv om ho ikkje meiner at det er snakk om ei alvorleg form for trakassering, trur ho det ville ha vorte oppfatta som utidig på mange andre arbeidsplassar.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober