Hopp til innhold

Utanlandsk media droppar fredsprisen

Norsk media satsar stort, medan utanlansk presse heller prioriterer klimatoppmøtet i København.

Jagland offentligjør Nobel fredsprisen som gikk til Obama

At Nobels fredspris gjekk til Barack Obama, er mindre interessant enn klimatoppmøtet i København for utanlandsk presse.

Foto: Fotomontasje: AP Photo -Torbjorn Gronning / Reuter - Larry Downing

Til klimatoppmøtet i København er det venta rundt 4000 journalistar, medan berre 184 journalistar meldt at dei kjem til fredsprisutdelinga i Oslo.

Hjå TV2 planlegg dei si største nyhendesatsing nokon gong. Nyhendeanker Øyvind Brigg skal leie sjåarane gjennom noregsbesøket til Barack Obamas.

- Vi kjem til å ha ei fantastisk sending, så dette gler eg meg veldig til, seier Øyvind Brigg.

Norsk media satsar

Også NRK, Dagbladet, VG og Aftenposten seier til NRK at dei vil bruke svært mykje ressursar på årets fredsprisutdeling. Men utanlandsk media prioriterer annleis. Berre 184 utanlandske journalistar har meldt at dei kjem på prisutdeling, ifølgje Mette Øvre i Utanriksdepartementet. Hun karakteriserer den utanlandske medieinteressa som middels stor.

Geir Lundestad

Direktør for Nobelinstituttet, Geir Lundestad, trud interessa vil ta seg opp.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

- Eg trur det er altfor tidleg å konkludere om det internasjonale interessa, den kjem til å vekse dramatisk når det nærmar seg besøket, seier direktør for Nobelinstituttet Geir Lundestad.

Han meiner interessa for besøket er stor internasjonalt, spesielt frå USA, sidan Obama til ei kvar tid har med seg 80-100 mediefolk. Og desse er ikkje rekna med i oversynet til UD. Likevel er det eit faktum at langt fleire journalistar kom til Noreg under Oslo-prosessen, og dei kongelege bryllaupa og gravferdene ifølgje UD.

Prioriterer klimatoppmøtet

Sjølv om fleire journalistar kan melde si interesse før fristen går ut på måndag klarer nok ikkje Nobelprisutdelinga å konkurrere med klimatoppmøtet som går føre seg samstundes i København. Til klimatoppmøtet er det venta 4000 journalistar frå heile verda.

BBC er blant dei som sender journalistar København, men droppar utdelinga av Nobels fredpris.

- I Noreg liker ein å tru at Nobels fredspris er den største nyhenda i heile verda, men den er nok ikkje det, seier Lars Bevanger, som dekkjer Skandinavia for BBC.

Han synest ikkje at det er underleg at BBC prioriterer klimatoppmøtet i København framfor fredsprisutdelinga, når dei fell på same helg.

- Nobelprisutdelinga er ein ganske satt affære, det same skjer kvart år. Og når tv-kanalane uansett får bilete gratis, er det ikkje nokon vits i å sende eigne folk, meiner Bevanger.

Trur på rekord

Vaktsjef i TV2 Nyhetene, Bård Espen Hansen, vel å satse stort, trass i at kassa er tom.

- Vi bruker frykteleg mykje pengar på dette, vi har eigentleg ikkje råd. Men vi er nøydde til å gjere det skikkeleg. Det er eit historisk besøk av ein historisk person, seier Bård Espen Hansen.

Hansen grunngjev satsinga med at Obama-besøket er noko ein kjem til å hugse i ettertid, og at det difor er viktig å gjere det skikkeleg.

Også direktøren for Nobelinstituttet er trygg på at årets fredsprisutdeling vil verte eit høgdepunkt.

- Eg trur talen til Obama kjem til å setje ny rekord, når det gjeld gobal dekning av eit Nobelarrangement, seier Geir Lundestad.


Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober