Hopp til innhold

- For mange og dårlege kjendisbøker

Fleire språk- og litteraturekspertar meiner at mange, og dårlege, kjendisbøker stel merksemd frå den gode litteraturen.

 Ingunn Yssens bok "Vi kan alle bli den lille" ble lansert i Oslo

Boka til Ingunn Yssen, 'Vi kan alle bli den lille', har ikkje Kjell Lars Berge særleg imponert over.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

I bokhandlane fløymer det over bøker om kjende menneske. Til dømes biografiar om politikarar og andre kjendisar, eller fagbøker skrivne av folk som har eit kjent namn frå før.

Berre dei siste vekene har til dømes Karita Bekkemellem og Prinsesse Märtha Louise kome med bøker, og biografien om Håkon Lie er ute.

Sensasjonstenking

Kjell Lars Berge

Kjell Lars Berge meiner det kjem ut oppsiktsvekkjande mange kjendisbøker.

Foto: UiO

Men mange av desse bøkene har dårlig kvalitet og forlaga burde gje ut færre slike bøker, meiner Kjell Lars Berge, professor i retorikk ved Universitetet i Oslo.

- Ein god del av desse bøkene vender seg til marknaden utifrå ei sensasjonstenking, seier Kjell Lars Berge.

Han sit i rådet som foreslår kva for bøker som skal kjøpast inn til norske bibliotek.

- Eg synest ærleg talt, for å ta to døme, at både Ingunn Yssen og Gerd-Liv Valla sine bøker opplagt ikkje bør kjøpast inn. Veldig mykje av kjendislitteraturen er dårleg skrive, og han er uambisiøs, seier Berge.

Vallas bok

Kjell Lars Berge meiner ikkje at Gerd-Liv Valla si bok Prosessen fortener å verte kjøpt inn av biblioteka.

Han synest bøkene om Haakon Lie og Karita Bekkemellem er typiske døme på at kva dei har gjort som politikarar, vert fullstendig overskugga av kva politikarar dei har krangla med på bakrommet.

Det er oppsiktsvekkjande mange slike bøker, her bør forlaga gå i seg sjølv og diskutere om dei vil utvikle denne marknaden, meiner Berge, som trur at forlaga tilpassar seg folk si interesse for å lese om folk dei har sett på tv.

Innhald viktigare

- Eg vert litt provosert over ein slik påstand, slik svarer Harald Engelstad, sjefredaktør for kultur og samfunn i Aschehoug forlag på kritikken frå Berge.

Han er helt usamd i at forlaget fokuserer for mykje på kjendisar.

- Samla sett er delen av kjendisbøker er svært beskjeden, seier Engelstad.

Ifølgje Engelstad har nokre kjende personar har ei så interessant historie å fortelje at den litterære kvaliteten på teksten er underorda innhaldet.

Overskuggar god litteratur

Hans Olav Lahlum: Haakon Lie. Historien, mytene og mennesket

Haakon Lie-biografien har fått stor merksemd.

Foto: Cappelen Damm

Berge får støtte av litteratursosiolog Trond Andreassen som meiner at kjendisane tek for mykje plass, noko som går ut over av god litteratur frå mindre kjende forfattarar.

- Vi ser meir av dette fenomenet no enn før, at kjendisbøker stel merksemd frå bøker og forfattarar som hadde fortent merksemd. Toppen av lukke for forlaga er dersom ein kjend person skriv om ein annan kjend person, seier Trond Andreassen.

Aschehoug forlag meiner det er media og bokhandlane, og ikkje forlaga som set kjendisane i fokus.

- Dei har lett for å fokusere på kjende personar, medan smalare litteratur får ein stemoderleg behandling, seier Harald Engelstad.

  • Vert det skrive for mange bøker om og av kjendisar?

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.