Hopp til innhold

Reality redda kanalar i krise

Det er 10 år sidan reality-bølgja slo inn for fullt over tv-skjermane våre. Konsepta har endra tv-mediet for alltid.

Big Brother-huset på Fornebu
Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

Big Brother kom på skjermen for fyrste gong 16.september 1999. Det nederlandske konseptet spreidde seg som ein influensaepidemi over heile Europa. Halvanna år seinare var det premiere på TvNorge.

På felgen økonomisk

TvNorge var heilt på felgen økonomisk då Ramsey og dei andre gjekk inn i Big Brother-huset. Det fortel programdirektør i kanalen Eivind Landsverk.

- Vi gjorde det økonomisk utruleg dårleg. Vi var heilt nøydd til å gjere ein profilendring på kanalen. Slik sett passa det veldig godt at Big Brother dukka opp. Det sette TvNorge på kartet.

Konseptet fekk enorm merksemd. Drittsekk-tv kalla kritikarane realityserien.

- Grensa har blitt flytta på ti år, og det er nesten slik at eg har gløymt at det vart kalla drittsekk-tv, humrar Landsverk.

Men dette var berre starten. Det har aldri blitt produsert så mange reality-timar som det blir gjort i 2009.

- Dei som spådde realityens død har tatt fullstendig feil, meiner Landsverk.

Vasskille i tv-historia

Anette Young

Anette Young var ein av deltakarane i den fyrste sesongen med Big Brother i Noreg.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

- Eg trur det vil bli huska som eit avgjerande vasskille i tv-historia, seier medievitar Alex Iversen.

Han trur desse konsepta markerar at vanlege menneske i stor grad blei det råstoffet som tv-underhaldninga skulle skapast av.

Og spesielt Big Brother vil bli huska som konseptet som starta trenden med å gå på tvers av media. Det var det fyrste verkelege multimediale konseptet, seier Iversen.

Bølgja som starta med Big Brother og Robinsonekspedisjonen har ifølgje den nye doktorgradsavhandlinga til medievitar Yngvar Kjus ført til ein enorm endring av korleis tv-kanalane opererar:

- Det har forandra tv-mediet totalt. Ein har endra heile måten å produsere tv på. Tidlegare var tv hovudsakleg basert på felles sjangerkonvensjonar. No baserast tv-produksjon på format som er standardiserte oppskrifter, seier Kjus

Denne tv-konseptindustrien er mangedobla på få år.

Lengst levande tv-trend

- For norsk tv-industri har den konsekvensen blitt at ein i liten grad utviklar eigne tv-konsept. Derimot kjøper ein konsept frå den globale tv-industrien som har testa konseptet og veit at dei fungerar, fortel Kjus.

Tv3 er ein av kanalane som har satsa stort på reality det siste tiåret. Sjåarane går ikkje lei, hevdar programdirektør Trygve Rønningen.

- Eg trur dette kjem til å stå seg som den lengst levande tv-trenden og framover vil den pregast av gjenkjennelege karakterar i ein kontekst som driv konseptet framover, seier han.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober