Hopp til innhold

Kulturgaranti mot Frp

Høgre, Venstre og Kristeleg Folkeparti gjev ein felles kulturgaranti, som stengjer Framstegspartiet ute frå norsk kulturpolitikk i neste stortingsperiode.

Hans-Olav Syversen (KrF), Trine Skei Grande (V) og Per-Kristian Foss (H)
Foto: Fotomontasje: NRK. Knut Falch/Audun Halaas/Høgre

Dei borgarlege partia er lei påstandar frå dei raudgrøne om at ei ikkje-soslialistisk regjering vil late seg presse av Frp til å kutte i kulturbudsjetta, og at kulturlivet vil få det vanskeleg dersom det vert regjeringsskifte.

Difor går i dag førstekandidatane i Oslo for Høgre, Venstre og Krf ut i Aftenposten og erklærer at Framstegspartiet skal stengjast ute frå all makt over kulturpolitikken dei neste fire åra.

Felles utsegn

Per-Kristian Foss (Høgre), Trine Skei Grande (Venstre) og Hans-Olav Syversen (Krf) seier i ei felles utsegn at "dei er sterkt ueinige i dei kraftige kutta i kulturbudsjetta som Frp har stått for på Stortinget, og at det er uaktuelt for dei å gå inn på ein slik politikk."

Framstegspartiet sin kulturpolitiske talsmann Ulf Erik Knudsen seier til Aftenposten at han beklagar kulturgarantien frå dei borgarlege, og at dette ikkje er eigna til å skape eit godt samarbeidsklima for eventuelle forhandlingar om regjeringsmakt.

- Frp har ikkje fleirtal

Per-Kristian Foss meiner det er viktig for dei å no markere avstand til kulturpolitikken til Framstegspartiet.

- Høgre er eit kulturparti, og vil ikkje gå inn for å rasere stønad til kunstnarar og kulturrådet, seier Per-Kristian Foss.

Foss hevdar at kulturlovnaden dei no kjem med også vil vere noko verdt, også dersom Høgre skulle kome til å gå i regjering med berre Framstegspartiet.

- Framstegspartiet har ikkje fleirtal for sine forslag i Stortinget, og regjeringa må forhalde seg til parlamentariske prinsipp, seier Foss.

Ut mot «fyrsten»

Per-Kristian Foss langar også ut mot kulturminister Trond Giske, som han kallar for «fyrsten» i norsk kulturliv.

- Høgre står for mangfald. Eit kulturliv som berre hyllar fyrsten, er ikkje teneleg. Kulturlivet må vere kritisk til makta, seier Foss.

Han meiner at norsk kulturliv i dag er for mykje er styrt av kulturdepartementet.

  • Trur du denne kulturgarantien kjem til å sikre vilkåra for kulturlivet etter valet?

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)