Hopp til innhold

Pur unge forfattarar på topp

I Kina debuterar mange forfattarar med bøker før dei er 16 år gamle.

Kina

Unge forfattarar i Kina toppar bestselgjarlistene.

Foto: PAUL YEUNG / REUTERS

Eit skred av bøker frå unge forfattarar mellom 15 og 30 år toppar bestselgjarlistene i Kina. Ei av dei er 19 år gamle Jiang Fanzou som allereie har publisert 14 bøker.

Kometkarriere

Ho sa nyleg til nyheitsbyrået AFP at foreldra hennar ikkje har fortalt kor mykje ho tenar på å skrive.

- Forfatterskapet har gjeve ho ei kometkarriere, seier Ciuming Pang.

Ho tek doktorgrad i kinesisk kultur ved Universitetet i Oslo. Som lærar heime i Kina såg ho starten på ei veksande bølgje.

- Bøkene er populære hjå studentane i Kina. Forlaga har skjønnt kor mykje dei kan tene på den unge generasjonen av forfattarar.

Unge kinesarar i same aldersgruppe sluker litteraturen som er skrive av desse forfattarane.

- Bøkene handlar ofte om kjærleik, seier Pang. Ho meiner det er modig i av ein 15 åring å skrive om synspunkt på kjærligheiksforhald i Kina.

Fastfood-litteratur

Kvaliteteten på den ferske litteraturen vert heftig diskutert i heimlandet. Nokon kallar den fastfood.

Men professor Ma Xiangwu ved Folkets Universitet i Beijing, seier at det er eit behov for dei nye stemmene. Dei uttrykker verdiar og kjensler som berre den unge generasjonen kinesarar kan formidle.

Døgnfluge

- I denne store variasjonen vil ein finne forfattarar som gjer det bra, men dette er spekulativt, seier forskar og sinolog Harald Bøckman.

Han fortel at det er mange av desse forfattarane som publiserer mykje rett på internett.

- Dette fortel at muligheitane for å uttrykke seg er i ferd med å endre seg dramatisk, hovudsakleg på grunn av internett, meiner Bøckman.

Og vidare meiner han at dette er ein trend.

- Ein forfattargenerasjon varer ikkje ein heil generasjon i Kina. Den varer berre i nokre få år, akkurat som ei døgnfluge.

Kulturstrøm

  • Sangtekster har blitt enklere, mer repeterende, aggressive og selvopptatte

    Et team av europeiske forskere har analyserte ordene i mer enn 12.000 engelskspråklige sanger, på tvers av sjangrene rap, country, pop, R&B og rock fra 1980 til 2020.

    Ifølge studien, som ble publiser torsdag, har sangtekster blitt enklere og mer repeterende. Tekstene har også blitt mer aggressive og selvopptatte i løpet av de siste 40 årene, skriver The Guardian.

    En av forskerne bak studien, Eva Zangerle, understreker at sangtekster kan være et «speil av samfunnet», som gjenspeiler hvordan en kulturs verdier, følelser og opptatthet endrer seg over tid. Studien trakk ikke frem hvilke artister funnene gjaldt.

    Sangtekster
    Foto: AP
  • Harvard fjerner bokomslag laget av menneskehud

    Prestisjeuniversitetet Harvard sier de har fjernet menneskehud fra innbindingen av en bok de har hatt i ett av bibliotekene sine i over 90 år.

    I 2014 ble det oppdaget at en bok var bundet inn med huden til en død kvinne.

    Harvard, som regnes som det eldste universitetet i USA, har tidligere utnyttet interessen rundt bokens morbide historie. Da det ble oppdaget at det var brukt menneskehud i innbindingen ble det omtalt som «gode nyheter for både tilhengere av innbinding med menneskehud, bokfantaster og kannibaler». I et blogginnlegg samme år skrev Harvard at praksisen med å binde bøker i menneskehud tidligere hadde vært forholdsvis vanlig.

    (NTB)