- Lovande for kulturlivet

Platebransjen er godt nøgde med at Pirate Bay skal bli ei lovleg teneste.
Publisert 01.07.2009 08:32.
- Kommentarer
- Skriv ut
I går vart det kjent at det svenske fildelingsnettverket The Pirate Bay skal seljast til aktørar som vil drive ei lovleg fildelingsteneste.

Marte Thorsby, IFPI.
Foto: Advokatfirmaet GretteMange av brukarane har reagert negativt (NRK tek ikkje ansvar for innhaldet på eksterne nettsider) på nyheita.
Men platebransjen er godt nøgde med at ein av verdas største kanalar for ulovleg fildeling ser ut til å forsvinne.
- Eg kjenner verken selskapet eller forretningsmodellen dei legg opp til, så det er for tidleg å seie noko om konsekvensane. Men det er klart at dei intensjonane dei har uttrykt for kva denne nettstaden skal bli er veldig positive, seier Marte Thorsby, direktør i platebransjeforeininga IFPI.
- Les alt om The Pirate bay her.

Fildelarar demonstrerer under rettssaka mot The Pirate Bay i Stockholm.
Foto: Bertil Ericson
Millionar av potensielle kundar

Fildelarar demonstrerer under rettssaka mot The Pirate Bay i Stockholm.
Foto: Bertil EricsonNettstaden har utløyst ei politisk protestrørsle, og nyleg fekk Piratpartiet i Sverige med tette band til Pirate Bay representasjon i Europaparlamentet.
- Høyr intervju med Peter Sunde, talsmann for Pirate Bay, snakke om salet av nettstaden her.
Pirate Bay er i dag eit av verdas største fildelingsnettverk, med over 20 millionar brukarar. Dette er eit godt utgangspunkt for ei lovleg teneste, seier Thorsby i IFPI.
- Mi tolking av dette er at ein ser Pirate Bay som ein av verdas hundre mest vitja nettstadar. Det er klart at det kan danne grobotn for ei god, lovleg teneste for lovleg nedlasting.
Korleis det nye selskapet skal drive ei lovleg tenste, er framleis uklart. Men Thorsby reknar med at bransjen blir tatt med på råd.
- Eg reknar med at dette vil skje i dialog med rettigheitshavarane. Dersom Pirate Bay no blir ei fungerande, lovleg teneste, er det naturlegvis veldig positivt for heile innhaldsindustrien, og alle opphavsmenn til digitalt innhald.
- Kan unngå Napster-fella
Det store spørsmålet er om eit lovleg Pirate Bay kan klare å vere på godfot med både brukarane og rettigheitshavarane. Nedlastingstenesta Napster mista store brukarmasser då dei prøvde det samme rundt årtusenskiftet.

Svenn-Arne Dragly i Fribit.
Foto: fribit.noMen Svenn-Arne Dragly, dagleg leiar i fildelingsinteresseorganisasjonen Fribit, trur det er mogeleg å få dette til i dag.
- Dersom ein ser til programvareindustrien, ser ein korleis dei har gått frå sal av enkeltprogram, til sal av tenester knytt til programvaren. Det er nok ikkje lett å selje "service" på musikk, men eg er sikker på at det finst betre modellar for å distribuere digital kultur.
Dragly meiner begge partar er nøydde til å nærme seg kvarandre, for at ein ny forretningsmodell skal kunne fungere.
- Brukarane må innsjå at det er naudsynt å ha ein økonomi rundt kulturproduksjon. Og samtidig er rettigheitshavarane nøydde til å opne opp for nye forretningsmodellar som vil gjere brukarane nøgde.
(NRK)Les
Kampen mot piratene (Kultur)
- Anker ikke Telenor-saken videre
- - Positivt at Telenor-saken avvises
- Avviser anken i Telenor-saken
- Anker avgjørelse i Telenor-saken
- Vil at Telenor stenger Pirate Bay
- GFF trues av konkurs
- Pirate Bay kan bli stengt
- Ny rettsbatalje for piratene
- Nye Pirate Bay kan få månedsavgift
- - Vi betalar ikkje
- - Lovande for kulturlivet

Fatter'n (4)
Srebrenica
Anmeldelse: Command & Conquer 4
