- Fildelarane skal få betalt

Sjef i Global Gaming Factory X Hans Pandeya på pressekonferansen i Stockholm i dag.
Foto: Maja Suslin/Scanpix/ReutersGlobal Gaming Factory X vil skape ein ny type fildeling der både opprettshavarar, fildelarar og innhaldsleverandørar får betalt.
Publisert 30.06.2009 14:23.
- Skriv ut
- Teknikken vi får gjennom å kjøpe selskapet Peerialism kjem til å føre til at alle får betalt, sier Hans Pandeya til den svenske økonominettstaden di.se.
Til og med fildelarane skal få betalt, fortel Pandeya, videdirektør i Global Gaming Factory X.
LES ÒG: Nye The Pirate Bay skal bli lovlig
- Ein fildelar som koplar seg opp i vårt system byrjar med ein gong å tene penger, stadfestar Pandeya.
Håper nettleverandørane skal betale
Han meiner internettleverandørene delvis vil kunne betale for dette. Det nye fildelingssystemet vil føre til at nettet vert mindre belasta, noko som vil gje ein meir effektiv nettrafikk og dermed mindre kostnader for nettoperatørane. Desse inntektene vil dei gje vidare til fildelarane.
Nokon avtale er enno ikkje gjort med nettleverandørane, men Pandeya seier at dei allereie er i samtalar med fleire.
Målretta reklame
I tillegg vurderer Global Gaming Factory X selje annonsar på nettstaden.
- Vi veit kva slags musikk ein fildelar har lasta ned, og vi vil kunne tilby retta reklame, noko som gjev annonseinntekter, seier Hans Pandeya til di.se.
Lenker
Kampen mot piratene (Kultur)
- Anker ikke Telenor-saken videre
- - Positivt at Telenor-saken avvises
- Avviser anken i Telenor-saken
- Anker avgjørelse i Telenor-saken
- Vil at Telenor stenger Pirate Bay
- GFF trues av konkurs
- Pirate Bay kan bli stengt
- Ny rettsbatalje for piratene
- Nye Pirate Bay kan få månedsavgift
- - Vi betalar ikkje
- - Lovande for kulturlivet

En helt vanlig dag på jobben
Srebrenica
Anmeldelse: Command & Conquer 4
