- Vi har blitt einige. Det er for mange lause trådar som som må knytast saman.
Det er Tony Sirico (66), mannen bak karakteren Paulie Walnuts Gualtieri, som avslører nyheita overfor svenske Aftonbladets Nojesbladet.
Heilt sidan siste episode av Sopranos-serien gjekk på amerikansk fjernsyn 10. juni 2007, har har mange spekulert i om siste kapittel var skrive i mafiasåpeserien.
No er ikkje berre ein, men to filmar på veg om kretsen rundt Tony Soprano, mafiabossen med kvardagsproblema.
Tony er ikkje død
Innspelinga av den første filmen tek til mot slutten av neste år.
- Vi dreg i gong om halvanna års tid. Akkurat no held Sopranos-skaparen David Chase på med ein annan HBO-serie, men når han er ferdig med den, set vi i gong, seier Sirico.
Foreløpig er det ikkje gjort noko formelle avtalar, men ein munnleg avtale mellom James Gandolfini, Steven van Zandt, Edie Falco, David Chase og Tony Sirico er på plass - dei viktigaste aktørane i serien.
På spørsmål om Tony Soprano framleis er i live, seier Sirico i følgje NTB:
- Han er ikkje død. Ikkje Paulie heller. David tok aldri livet av Silvio heller. Han låg på sjukehus då serien slutta, og du kan vere sikker på at han er vaken når filmen kjem på kino.