Den prisløna forfattaren, som har gjeve ut bøker på meir enn 40 språk, blei i 2005 stilt for retten for påstandar om at Tyrkia begikk systematisk folkemord på armenarar mellom 1915 og 1923.
Etter internasjonalt press, blei saka lagt vekk i 2006. men no risikerer han på nytt å måtte møte i retten for samme sak.
Årsaka er at ei gruppe slektningar av tyrkiske soldatar som blei drept av armenarar og kurdarar føler seg krenka av utsegna til Pamuk, og har gått til sivilt søksmål for å få erstatning.
Erstatningskravet blei først avvist, men i forrige veke underkjente ein ankedomstol avgjerda.
- Ingen vågar å snakke
Til nyheitsbyrået Reuters seier forfattaren:
- Eg forstår at eg risikerer endå ei sak, men det er ikkje sikkert. Uansett tek eg det heile med ro.
Konflikta starta att då Pamuk, som fekk Nobelprisen i litteratur i 2006, blei intervjua av den sveitsiske avisa Das Magazin, og sa:
- 30 000 kurdarar og ein million armenarar blei drept i dette landet - og ingen andre en meg vågar å snakke om det.
I intervjuet anklagar forfattaren Pamuk den tyriske stat for drap på over ein million armenarar tidleg på 1900-talet, og for undertrykkjinga av det kurdiske folket frå staten Tyrkia blei oppretta og fram til i dag.
- Denne saka bekymrar meg ikkje som ei rettsleg sak. Eg er sikker på at eg vil bli frikjent, og i alle fall ikkje ende i fengsel.
- Latterleg sak
Den norske forfattaren Eugene Schoulgin bur i Tyrkia, og er generalsekretær i
som jobbar med ytringsfridomsspørsmål. Han kallar saka ein farse.- Denne erstatningssaka er fullstendig latterleg, og kjem truleg til å ende med ny frifinning. Det er ikkje heilt utenkjeleg at dette er ein reaksjon på mykje negativ kritikk frå europeiske statsleiarar mot Tyrkia den siste tida.
Schoulgin meiner det nye søksmålet heng saman med at det er mykje politisk uro i Tyrkia akkurat no.
- Det er ein ustabil situasjon her nede no, med opprulling av ei stor sak mot dommarar, overlegar og kjente journalistar, som alle har hatt stor politisk makt. Det minner om tilstandane i Italia i 1970-åra då det blei opna sak mot mafiaen.
- Myndigheitene teiknar eit feilaktig bilete
Pamuk har kritisert tyrkiske myndigheiter i ei årrekkje, men først då han vart internasjonalt kjent blei han stilt for retten for «fornærmingar mot det tyrkiske folk».
EU stempla rettssaka i 2006 som eit brot på ytringsfridomen. Pamuk meiner Tyrkia ikkje har blitt noko betre i mellomtida.
- Medan Tyrkia vil bli med i EU, og prøvar å overtyde europearar om at dette byrjar å bli eit liberalt og ope samfunn, stiller det samme landet framtredande intellektuelle og forfattarar for retten.