Hopp til innhold

Omstridd utstilling opna

Den mest omtalte kunstutstillinga denne våren har opna. Avslutningsverket til kunststudenten Anna Odell har skapt furore i Sverige.

Konstfack

Studentene ved Konstfack i Stockholm utfordrer utfordrer publikum.

Foto: Åke E:son Lindman/Konstfack

Med vårutstillinga til Konstfack, den største kunst- og designhøgskulen i Sverige, blir det omstridde arbeidet til kunststudenten Anna Odell vist fram i sin heilheit.

Tidlegare i år lata Odell som at ho skulle ta sitt eige liv, då ho satte seg på rekkverket til ei bru i Stockholm. Ein skremt forbipasserande redda ho og sørgja for at ho fekk psykiatrisk hjelp.

Kunst utfordrar psykiatrien

Sjølv synest ikkje Odell at ho har gått for langt i arbeidet med eksamensverket. Der spelte ho blant anna spelte ho psykotisk. Det førte til at ho vart tvangsinnlagt på ein psykiatrisk klinikk.

I eit intervju med SVT seier Odell at ho har all rett til å gjere som ho gjer. Grunnen er at ho vil diskutere sider ved psykiatrien som elles ikkje blir belyst. Ho meiner alle bør nytte retten ein har til å utfordre lover ein oppfattar som urettferdige.

Kontroversiell debatt

I heile vår har Konstfack stått i sentrum for ein kontorversiell debatt om fridom og ansvar i kulturen. I tillegg til Odell har også filmen Territorial Pissing vore med å hause opp debatten. Filmen til graffittikunstnaren Nugs dokumenterar ein mann som sprayer ei t-banevogn. Den var ein del av fjorårets eksamensutstilling.

Filmen fekk den svenske kulturministeren Lena Adelsohn Liljeroth til å reagere. Ho kritiserte kunstverket offentleg.

Rektor på Konstfack Ivar Björkman har fått sviande kritikk for å vere utydeleg om kor mykje fridom kunsten skal ha.

Kunsten til Odell inngår i eit sjølvbiografisk verk om psykiatrien og korleis ein ser på mennesket. Filmen til Nug vart meldt til politiet av Sockholms Lokaltrafik. Politiet har henlagt saka.

Les meir frå: SVT

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober